Job Description

Published 03-11-2024
Deadline: 20-11-2024

 

Rådgivar

Vil du vera med å styrka laget rundt barnet?

No har me ledig stilling som rådgivar i tenesteområdet Barn og unge.

Som rådgivar hos oss vil du bli ein del av laget rundt barnet. Med fokus på tidleg oppdaging og tidleg innsats skal me sikra at barn og unge i kommunen får veksa opp i trygge lokalmiljø, med trygge vaksne som kan gi rett hjelp tidleg. Dette krev kunnskap og kompetanse, samarbeid på tvers, og innovativ handlekraft i ein demografi som utfordrar. 

Stillinga er organisert i staben til kommunalsjef Barn og unge. Den som blir tilsett må rekna med tett samarbeid med oppvekstsjef, barnehagesjef, skulesjef og andre rådgivarar i stab, og dessutan andre tenesteområde. Dette med mål om å vidareutvikla gode tenester til barn og unge i tråd med Klepp kommune sine verdiar, mål og strategiar i gjeldande planverk.  

Med blikk fora alle, heiar me på kvarandre i arbeidet med å skapa trygge og inkluderande lokalsamfunn. Me tek i eit tak for å få ting gjort, og me bryr oss.      Kan du identifisera deg med dette, og er i tillegg samfunnsengasjert, har strategisk forståing, liker utviklingsarbeid og har ei analytisk tilnærming?
Då vil me gjerne høyra frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Koordinering og oppfølging av ulike prossessar
  • Overordna system- og kvalitetsarbeid
  • Utgreiing, skriving og oppfølging av politiske saker
  • Saksbehandling (td skulebytte, innsynskrav, oa)

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sosialt arbeid, barnevern, jus, sosiologi event andre relevante høgskoleutdanninger 
  • Ønske om relevant master/videreutdanning (t.d sosiologi, statsvitenskap, juss, sosial arbeid ea)
  • Analytiske ferdigheiter
  • Erfaring med- og interessert i forvaltning
  • Brei relevant prasis/erfaring fra eit eller fleire av tjenesteområdene i Barn og unge
  • God kommuneforståing
  • Gode digitale ferdigheter
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Handlekraft og robusthet
  • Fleksibel, strukturert og målretta
  • Sjølvstendig, men og ein god lagspelar
  • Framtidsretta og nytenkjande
  • Tydelig og lyttande
  • Fagleg nysgjerrig
  • Stor arbeidskapasitet 
  • Eit engasjement for barn og unge
  • Ein bidragsytar til godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte, varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg fokus og krevande utfordringar
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Tverrfagleg samhandling
  • Fleksibel arbeidstid

Klepp kommune har ulike velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid
gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Løn i henhold til lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Silje Nygård, Kommunalsjef barn og unge, +47 91586326, Silje.nygard@klepp.kommune.no

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4873650857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Administrasjon Barn og Unge, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Bedriftsvegen 4 Postnr: 4353)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1527690c-22f1-4013-8470-369098cc0db1
IMPORTAPI