Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Psykologspesialist søkast til spennande fagmiljø ved Bjørgvin DPS

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2024 eit budsjett på 148 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Vi søker etter ein engasjert psykologspesialist som har lyst å vere ein del av det gode og varierte behandlingstilbodet vi har ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, MBT-team, eit Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrrelser, ROP-team, Familieteam, ADHD team, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har også ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til utrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Knarvik i forhold til mange av dei spissa tilboda.

Vi ønsker denne gongen å styrke vårt tilbod til pasientar som treng noko anna enn det “tradisjonelle polikliniske tilbodet” og ser denne gongen spesielt etter nokon som trivst med og har erfaring knytt til å jobbe i det akutte, gjennomføre kortare utgreiingar, bistå i suicidalvurderingar og også trivst med å rettleie kommune og andre i forhold til pasientar med samansette vanskar. Du vil bli tett knytt opp mot vårt AAT team. 

Er du ein engasjert psykologspesialist som har lyst å jobbe i eit godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg. 

    Arbeidsoppgåver

    • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar i gruppe og individuelt innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
    • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
    • Rettleiing og tett samarbeid med andre

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon 
    • Meistre norsk både munnleg og skriftleg

    Personlege eigenskapar

    • Har evne til å arbeide sjølvstendig
    • Har gode samarbeidsevner
    • Fagleg engasjert og nysgjerrig
    • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
    • Er ein god teamarbeidar

    Vi tilbyr

    • Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
    • Eit godt tilrettelagt spesialiseringsløp og rettleiing av erfaren spesialist om du ikkje er spesialist
    • Vidareutdanning
    • Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av allmennfeltet
    • Eit nytenkande og utviklande fagmiljø
    • Lønn i henhald til gjeldande avtalar

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Hallbjørg Hage, Psykologspesialist, 99271899

    Arbeidsstad

    Tertnesveien 37
    5113 Tertnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen

    Referansenr.: 4887720348
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 16.12.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen orgnr: 974557223
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Webside www.helse-bergen.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Psykolog
    Sted TERTNES (Adresse: Tertnesveien 37 Postnr: 5113)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 16-12-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e3c30c85-c06a-461c-bec4-b1c74b5bda89
    IMPORTAPI