Psykologspesialist/psykolog – ReHabiliteringsklinikken/ Habiliteringsavdelinga for vaksne/ HAVO ambulant og poliknikk, Helse Bergen
Health and social care Psykolog(1 week ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 21-11-2024
Psykologspesialist/psykolog
Eitt års vikariat i 100% stilling for psykologspesialist/psykolog.
Vi ønsker oss ein engasjert og dyktig psykolog/psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt.
Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.
HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: klinisk vaksenpsykologi, samfunnspsykologi, rus- og avhengigheitspsykologi og habilitering. To av våre psykologar er i gang med spesialisering innan nevropsykologi.
HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeut og
sekretærar. Psykologane har primært arbeid i poliklinikken, men nokre ambulante oppdrag må påreknast. Vi nyttar eigne tenestebiler.
Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for fagfeltet.
Habiliteringsavdelinga er for tida lokakalisert i Olav Bjordals veg 29, Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås innan 2027/28 for samlokalisering med øvrige avdelingar i klinikken.
Tilsetjingsdato er 03.03.2025 eller etter nærare avtale.
Sjå elles våre internettsider: Les meir
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering
- Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Bidra i fagutvikling
- Kurs, undervising og pasientopplæring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Kjennskap til og interesse for fagfeltet
- Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel
- God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Trivsel med tverrfagleg samarbeid
- Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Vi tilbyr deg
- Spennande utfordringar og oppgåver
- Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar
- Opplæring og rettleiing
- Eit robust og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale
- Gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626
Arbeidsstad
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4882033551
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 28.02.2026
Søknadsfrist: 21.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | ReHabiliteringsklinikken/ Habiliteringsavdelinga for vaksne/ HAVO ambulant og poliknikk, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykolog |
Sted | BREISTEIN (Adresse: Olav Bjordals veg 29 Postnr: 5111) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 21-11-2024 |