Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 31-03-2025

 

Psykologspesialist i Allmennpoliklinikk – åpen søknad

 Åpen søknad psykologspesialist

Vi søkjer ein engasjert og dyktig psykologspesialist til vår allmennpsykiatriske poliklinikk ved Haugaland DPS. Hos oss blir du ein del av ein etablert og robust spesialistgruppe beståande av 11 psykologspesialister og 3 fast ansatte overlegar. Vårt fagmiljø er prega av høg kompetanse innan fleire terapiretningar, openheit og tverrfaglig samarbeid. Fleire av spesialistane har vidareutdanningar innan kognitiv atferdsterapi (CBT), psykodynamisk terapi og emosjonsfokusert terapi (EFT). Poliklinikken har også ein rekke spesialiserte behandlingstilbod, som dialektisk atferdsterapi (DBT), eBehandling, EMDR, CBT-E og “4-dagarsbehandling” (B4DT) for sosial angst, som starter hausten 2024. I tillegg har vi flere planlagte fagutviklingsprosjekt. Vi hadde til dømes gjerne ønskt ein psykologspesialist som kunne bidra til å vidareutvikle behandlingstilbodet for spiseforstyrringar. 

Fordelar ved stillingen: Den store spesialistgruppa gir fleksibilitet i utforming av arbeidsoppgåver med variasjon i forholt til individuelt pasientarbeid, rettleiing og deltaking i spesialiserte behandlingstilbod. Det er også moglegheiter for å delta i fagutviklingsprosjekt.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden. 

Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Delta i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising internt og retta mot våre samarbeidspartnarar i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning som psykologspesialist
  • At søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagd
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er ein god teamarbeider
  • trivast i et aktivt miljø med varierte utfordringer
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Helse Fonna har innført lønnsstige for spesialistar. 
  • Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Vi legg til rette for vidareutdanning
  • Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Arne Thomas Lundqvist, Enhetsleder / psykologspesialist, 41239898, tholun@ihelse.net

Arbeidsstad

Floravegen 75
5535 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4901718168
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Allmennpsykiatrisk poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted HAUGESUND (Adresse: Floravegen 75 Postnr: 5535)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/58c21553-60ab-49f1-b296-e589075311ee
IMPORTAPI