Psykologspesialist åpen søknad – TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Health and social care Psykolog(2 days ago)
Job Description
Published 05-01-2025
Deadline: 01-06-2025
Psykologspesialist åpen søknad
Er du psykologspesialist og ønskjer ein spennande stilling innan behandling til pasientar med ulike psykiske lidingar og rusmiddelavhengighet? No kan du bli vår nye kollega i TSB poliklinikk.
Haugaland DPS er i ei spennande fase der me skal endre og vidareutvikle behandlingstilbodet vårt innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Målsetjinga er å gi eit meir heilskapleg og tilpassa helseteneste. Me er på jakt etter psykologspesialist som vil få ei viktig rolle i vårt fagmiljø.
TSB poliklinikk har for tida lokaler sentralt på Haugesund sjukehus og ved Haugaland DPS i Kopervik. Det må påreknast noko arbeid på tvers av lokasjonane, samt bistand i tverrfaglege drøftingar for LAR poliklinikk i Haugesund sentrum.
TSB poliklinikk er tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, sosionomar og spesialsjukepleiarar. Me tilbyr utgreiing og behandling for psykiske lidingar og rusmiddelavhengighet, og legemiddelassistert rusbehandling (LAR). Poliklninikken favnar dei som har passert 16 år. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta. Det er mogleg å kombinere stillinga med oppgåver knytta til TSB post. TSB poliklinikk har også implementert fengselspoliklinikk.
For psykologar som nærmar seg enden av spesialisering:
Dersom du er nær ved å fullføre spesialisering kan me vurdere utviklande ansvarsområder med rammer for oppfølging og rettleiing.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga. Intervju kan bli gjennomført forløpande i utlysningsperioden.
Velkommen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for og deltar i utgreiing, diagnostisering og behandling ved poliklinikken
- Delta i tverrfaglig team
- Rettleiing og undervisning internt og retta mot våre samarbeidspartnarar
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, retlleiarar mm.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon.
- Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig men ikkje eit krav.
- At søker er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagd
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
- Ønkjelig med erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helse
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheter
- Evne til å stå i krevjande situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert
- Evne til å sette deg inn i og jobbe etter poliklinikkens rutinar og praksis
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Forhandling om løn
- Kurs, rettleiing og praksis knytt til spesialistutdanning
- Løn og spesialistpermisjon jfr avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein fleksibel arbeidsplass med fleksitid
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søjkar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Daniel H. Reiersen , Funksjonsleder , daniel.heradstveit.reiersen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4902742481
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykolog |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-06-2025 |