Psykolog – SELJORD KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSLEIARS KONTOR
Health and social care Psykolog(2 weeks ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Psykolog
Vil du vere med å påverke og utvikle framtidige helsetenester og folkehelsa i fem kommunar i Vest-Telemark, kombinert med arbeide innan Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) i Vest-Telemark?Vi har ledig fast todelt stilling som psykolog, 50% interkommunal kommunepsykolog og 50% psykologstilling i Rask Psykisk Helsehjelp.Vi treng ein psykolog som er ein positiv, motivert og engasjert medspelar med gode samarbeidsevne. Du må kunne skape tillit og samhandling både med brukarar, samarbeidspartnarar og tilsette. Du må være løysingsfokusert, fleksibel og ha evne til å jobbe sjølvstendig. Interesse for tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking, samt god struktur, oversikt og gjennomføringsevne vil bli vektlagt. Psykologteneste i Vest-Telemark er organisera som vertskommunesamarbeid med Seljord kommune som vertskommune. Vest-Telemark-kommunane har definert barn og unge som satsingsområde.Kommunepsykologane sitt ansvarsområde:
• å samordna tenesteutviklinga i dei fem kommunane
• vera med på plan – og utviklingsarbeid
• arbeidet med folkehelse, tidleg innsats og førebygging
• delta i tverrfagleg primærførebyggjande arbeid og oppfølging i enkelt saker
• delta aktivt i barne – og ungdomsteam
• rettleie faggrupper og profesjonar
• samarbeide med spesialisthelsetenesta, skular og PPT
• klinisk arbeid i saker der det er vurdert av psykologen sjølv at det er formålstenleg
Prioritering og organisering av arbeidet vil gå føre seg i dialog mellom psykologane og i samarbeid med kommunane,Som psykolog i RPH så blir du en del av et tverrfaglig team der arbeidsoppgavene består av kartlegging, vurdering og behandling undervisningsbaserte kurs, rettleie ved assistert sjølvhjelp, behandlingsgrupper og individuell psykoterapi (mixed care-modell) samt betjene kontakttelefonen. Psykologen i RPH vil i tillegg ha særskilt ansvar for differensialdiagnostikk m.o.t. målgruppevurdering, fagleg kvalitetssikring samt rettleiing av kollegaer ved behov.
Me tilbyr:
• spennande stillingar i tverrfaglege arbeidsmiljø på tvers av profesjonar
• høve til å påverke og utvikle framtidige helsetenester og folkehelse i Vest-Telemark
• kompetanseutvikling og deltaking i lokale nettverk
• tilrettelegging for spesialisering innan samfunns –og allmennpsykologi
• konkurransedyktig løn
• tilsetting på kommunale vilkår og god pensjonsordning gjennom KLP
Bil til disposisjon i arbeidstida.
Ønska kvalifikasjonar:
• psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering
• erfaring frå relevant kommunalt arbeid og/eller spesialisthelsetenesta
• erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
erfaring med klinisk arbeid og behandling
• erfaring frå å rettleie helsepersonell på individ- eller gruppenivå
• utdanning i kognitiv terapi frå NFKT eller vilje til å gjennomføre denne utdanninga
Krav til søkjar:
• Norsk autorisasjon som psykolog
• Godkjend politiattest før tilsetjing
• Førarkort klasse B
For meir informasjon om stillingane ta kontakt med kommunalsjef for Helse og omsorg i Seljord kommune Janne Larsen. Tlf. 48 29 74 33 eller janne.larsen@seljord.kommune.no
Informasjon om kommunane i regionen er tilgjengeleg på:
Stilling med lenke til elektronisk søknadsskjema er tilgjengeleg på www.seljord.kommune.no med søknadsfrist 27.11.2024.
Velkomen som søkjar
DIVERSE INFO