Psykolog/ Psykologspesialist – Avdeling for rusmedisin /AFR Askøy, Helse Bergen

Health and social care Psykolog

(13 hours ago)

  • ASK
  •  Post Date: 12. December 2024
  •  Expire date: 31. December 2024
Job Description

Published 12-12-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Psykolog/ Psykologspesialist

Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den tverrfaglege bemanninga i seksjon Askøy består av russpesialist/overlege, LIS legar, psykologar, sosionomar, sjukepleiar/vernepleiar, musikkterapeut, aktivitetskoordinator og sekretær. Avdeling for rusmedisin er opptatt av å leggje til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Seksjon Askøy har 28 plassar for døgnbehandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, psykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plagar som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagane for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å legge til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige, dette er ofte ROP tilstandar
  • Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester 
  • Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervisning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
  • IA-bedrift
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Gerd Helene Irgens, Seksjonsleiar, 48887004

    Arbeidsstad

    Haugane 8
    5307 Ask

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen

    Referansenr.: 4895183975
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Sluttdato: 31.12.2025
    Søknadsfrist: 31.12.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Avdeling for rusmedisin /AFR Askøy, Helse Bergen orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Webside www.helse-bergen.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Psykolog
    Sted ASK (Adresse: Haugane 8 Postnr: 5307)
    Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 31-12-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2d3aaa94-7523-47ec-b4be-f2bf390af039
    IMPORTAPI