Psykolog – Kirurgisk serviceklinikk/ Seksjon for smertebehandling, Helse Bergen

Health and social care Psykolog

(22 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 21. November 2024
  •  Expire date: 5. December 2024
Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Psykolog

Seksjon for smertebehandling søker etter psykolog i 80% midlertidig stilling frå 01.03.2025 – 31.12.2025

Ei av våre psykologar skal ut i permisjon og difor treng vi vikar i 10 månader. Det er mogleg at stillinga kan utvidast til ein 100% stilling, dette er enda ikkje endeleg avklart.

Ønsker du å få meir erfaring med tverrfagleg smertebehandling? Her er ein gylden moglegheit. Vi har eit spennande tverrfagleg miljø som har fokus på samhandling med primærhelsetenesta. 

Seksjon for smertebehandling sitt personale har lang erfaring i vurdering og behandling av smerte. Seksjonen har to einingar: Poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team. Vi har tilsette med brei tverrfagleg kompetanse: legar, psykologar, fysioterapeutar, sjukepleiar, jobbspesialist frå NAV og merkantile. Dei har lang erfaring i vurdering og behandling av pasientar med langvarige og/eller kompliserte smertetilstandar. Psykologane i Smerte og palliasjonsavdelinga er samla i Seksjon for smertebehandling og tel 5 personar fordelt på 3,6 stillingar. Tre av psykologane arbeider hovudsakleg i poliklinikk for langvarige smerter. To av psykologane arbeider i Palliativt senter.

Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA) er ei avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK) og består av tre seksjonar: Palliativt senter, Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest og Seksjon for smertebehandling. 

Arbeidsoppgåver er hovudsakleg knytt til poliklinikk for pasientar med langvarige smerter.

Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med pasientar med langvarige og samansette smertetilstandar
  • Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell, samarbeidsmøte, video- og telefonmøte  
  • Bidra med psykologfaglege perspektiv inn i teamet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon 
  • Ønskeleg med erfaring med klinisk helsepsykologi  
  • Ønskeleg med erfaring frå smertebehandling og palliasjon 
  • Kunnskap om dei vanlegaste psykologiske tilnærminger til langvarig og akutt smerte  
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med somatisk sjuke  
  • Ønskeleg med erfaring frå tverrfaglege team  
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og engasjement for fagfeltet
  • Interesse for tverrfagleg samarbeid og evne til fleksibilitet i arbeidsmetoda
  • Gode samarbeidseigenskapar, som evne til å skape trygge og gode relasjonar internt i teamet og vis a vis andre samarbeidspartnarar  
  • Evne til å bidra til god teamfunksjon   
  • Personleg eigna og relevant fagleg erfaring vil bli sterkt vektlagt  

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4887683132
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 05.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk serviceklinikk/ Seksjon for smertebehandling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-03-2025
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/71feedb2-9a2e-4fe3-877d-e3c7290a8376
IMPORTAPI