Job Description

Published 30-03-2025
Deadline: 16-04-2025

Psykisk helseteam vaksne – terapeut                  

Her har du ein unik sjanse til å kombinere ei aktiv fritid med ein spennande arbeidskvardag i eit at Noregs flottaste naturområde!

Har du lyst til å vere med å vidareutvikle Psykisk helseteam i vår kommune?  To av våre terapeutar i Psykisk helseteam er på flyttefot og vi lyser difor ut to 100% stillingar – ei fast 100%  stilling og ei 100% stilling vikariat som mogleg vert fast om eit år. Teamet vårt er på tilsaman 5 personar med 100% stillingar, der tre stillingar er retta inn mot vaksne og to stillingar er retta inn mot barn og unge.

Stillingane vert lagt til eining for Barn, familie og meistring som er under oppretting. I eininga ligg også helsestasjon, PPT Stranda og Fjord ,  barnevern Stranda og Fjord, psykiatri/rusomsorg, innvandrar og flyktningtenesta og Frivilligsentral. Psykisk helseteam har tett samarbeid med andre kommunale tenester som Helsetenesta og eining for Rehabilitering/Habilitering som har ansvar for ROP bustadar. 

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.  
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.  Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av menneske med psykiatri/ rus/ roplidingar.
  • Tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og opp mot helseforetak.
  • Vidareutvikle tilbodet innan rus/ psykiatri og det førebyggjande
    terapeutiske tenestetilbodet i kommunen.
  • Gruppetilbod.
  • Innandørs og utandørs aktivitetar med målgruppene. 
  • Ein må pårekne noko ukurant arbeidstid.
  • Rettleiie andre tilsette og tenester i kommunen ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3. årig helse-  og/ eller sosialfagleg høgskuleutdanning, psykologi eventuelt kan andre relevante utdanningar vurderast. 
  • Erfaring frå arbeid innan psykiatri/rus og anna relevant erfaring.
  • Vidareutdanning innan psykiatri og/eller rusomsorg vil verte vektlagt.
  • Aktuelle terapeutiske metodar som f.eks. kognitiv terpapi, EFT, familieterapi, gestaltterapi.
  • God datakunnskap – avdelinga nyttar systema profil og sampro.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Søkjar må beherske muntlig og skriftleg norsk.
  • Førarkort for personbil. 
     

Personlege eigenskapar

  • Du må vere påliteleg, initativrik, fleksibel, vere ein pådrivar, like å arbeide sjølvstendig og i gruppe, du er strukturert og har eit ynskje om stendig å tileigne deg ny kunnskap
  • Du har eit ynskje om å hjelpe våre brukarar til ein betre kvardag. Du er positiv , har godt humør og snur deg om på femøringen ved behov!

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg fagmiljø.
  • Utfordrande og varierete arbeidsoppgåver.
  • Vidareutdanning og opplæring i ulike metodar til bruk i arbeidet.
  • Gode kollegar og samarbeidspartnerar.
  • Veiledning.
  • Konkuransedyktig lønn.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste
tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg
tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide
og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko
uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige
betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Aina Holmberg, Einingsleiar, +47 46411065

Arbeidsstad

Øyna 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4936325631
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Fast
Startdato: 22.05.2025
Søknadsfrist: 16.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver  Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted STRANDA (Adresse: Øyna 13 Postnr: 6200)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 22-05-2025
Søknadsfrist 16-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/95ffe5ef-ca09-44ef-99ce-fc21cbf6d06d
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31