Psykiatrisk sjukepleier – Helse, omsorg og velferd – Fjord kommune

Health and social care Nurse

(6 hours ago)

  • VALLDAL
  •  Post Date: 18. October 2024
  •  Expire date: 3. November 2024
Job Description

Published 18-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Psykiatrisk sjukepleier

Vil du være med å utvikle psykisk helse- og rustenesten i Fjord kommune?

Fjord kommune har ledig fast 60 % stilling som psykiatrisk sjukepleier i kommunens psykisk helse- og rusteneste. Psykisk helse- og rusteam dekker lavterskeltenester til barn, unge, familier, voksne, eldre og pårørande. Vi er tverrfagleg samansett med psykisk helsearbeidere, familieterapeut, SkoleLOS og kommunepsykolog. Psykiatrisk sjukepleier er i hovedsak tiltenkt arbeid innafor psykisk helse/rus for voksne og eldre, men arbeid innafor alle aldersgrupper kan vere aktuelt ved behov og interesse.

Vi er opptatt av å utvikle gode tenester til befolkninga i samsvar med samfunnsutvikling, nasjonale føringar og lokale behov. Dei kommunale psykisk helse- og rustenestene er i utvikling, og vi ønsker ein fagperson som kan bidra inn i dette arbeidet. Stillinga vil innebære stor grad av autonomi med fagleg støtte. Vi legger vekt på eit godt tverrfagleg samarbeid innad i teamet, og ut mot andre tenester i kommunen.

Vi søker ein person med autorisasjon som sjukepleier med videreutdanning og/eller erfaring med psykisk helsearbeid, som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsrelasjoner.

I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.

For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå:

Valldal – The Adventure Valley – Fjord Norway
Opplev Fjord i Fjord kommune

For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå:

Ålesund og Sunnmøre – der fjell og fjord møter hav (visitnorway.no)

Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen heile året igjennom.

Fjord kommune har eit godt sjukepleiefagleg miljø, og har hatt god sjukepleiekompetanse, sjå omtale: I Fjord kommune klarer de å følge planlagt turnus

Arbeidsoppgåver

  • Direkte brukerkontakt gjennom dagleg behandling og veiledning.
  • Ivareta den enkelte pasients medisinske behov saman med lege.
  • Bidra i kommunal kartlegging, utredning, og utføre kliniske vurderinger og observasjoner.
  • Administrering av medisiner.
  • Samarbeid med pårørande.
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid, tenkning og brukermedvednad
  • Bidra til kompetanseutvikling.
  • Koordinering av tenester mellom 1. og 2. linjen, og mellom ulike kommunale verksemder og faggrupper.
  • Gjennomføring og evaluering av omsorgstiltak i forbindelse med bruk av tvang.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleier med vidareutdanning innan rus og psykiatri.
  • Førerkort klasse B og disponere bil.
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg, samt engelsk muntleg.
  • Ønskelig med erfaring innafor oppsøkende psykiatrisk arbeid eller distrikspsykologi.
  • Det er ein fordel med kompetanse, kurs eller erfaring med psykoedukative metoder og ulike psykoterapeutisk teori.
  • God observasjons-, vurdering og behandlingskompetanse.
  • Høg sjukepleiefagleg interesse.
  • Politiattest må leggjast fram ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit for stillinga tilleggast stor vekt.

  • Har evne til å ta ansvar, kunne arbeide sjølvstendig og tverrfagleg
  • Gode relasjonelle evner og kommunikasjonsferdigheter.
  • Godt humør og positiv fremtoning.
  • Kan ta avgjørelser og administrere eigen arbeidshverdag
  • Tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne å kunne sjå helskapleg på problemstillingar. 
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
  • Kunne arbeide i tråd med sjukepleiens yrkesetiske retningslinjer.

Vi tilbyr

  • 100 % stilling med 60 % fast stilling innafor psykisk helseteam, og 40 % fast anna sjukepleiefagleg arbeid innafor kommunen. 
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivlege arbeidskollegaer
  • Stor mogelegheit til å påvirke egen arbeidskverdag.
  • Delta i utviklingsarbeid.
  • Mogelegheiter for fagleg utvikling og rettleiing av kommunepsykolog.
  • Godt og trygt arbeidsmiljø med fokus på meistring og kollegastøtte.
  • Lønn etter avtale.
    • Garantilønn lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning.
    • Sjukepleiar med 16 års ansiennitet eller meir får 10 000 kr i tillegg på garantilønn.
    • Spesialsjukepleiarlønn.
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar gjennom KLP
  • Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.

Kontaktinformasjon

Rønnaug Hove, Leiar Fjord helse, +47 41867937

Arbeidsstad

Olavsgata 10
6210 VALLDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 4873824344
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse, omsorg og velferd – Fjord kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Webside http://www.fjord.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VALLDAL (Adresse: Olavsgata 10 Postnr: 6210)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3d23dc5f-2ea4-46fc-9076-15b85291b58e
IMPORTAPI