Job Description

Published 16-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Prosjektplanlegger hos Brødrene Aa AS

Hva vi ser etter

Vi søkjer fortrinnsvis deg som har erfaring som planlegger, og som kan vise til gode resultat. Du har pågangsmot, likar ei utfordring og er løysingsorientert. Stillinga krev høg grad av sjølvstende og du må evne å arbeide strukturert, systematisk og målretta. Samstundes krev stillinga gode samarbeidsevner i møte med dyktige fagfolk frå ulike disiplinar og miljø. Du er ein motor som blir driven av eit ynskje om å skape gode resultat. 

Kvalifikasjoner:

  • Stillinga krev gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk).

  • Fortrinnsvis teknisk/eller økonomisk utdanning på Bachelornivå.

  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning 

  • Erfaring frå maritim bransje er ein fordel og/eller erfaring frå større prosjekt/operasjonar.

  • Relevant utdanning t.d. teknisk fagskole/Bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Arbeidsoppgaver

Som planleggar vil du ha en sentral rolle på tvers av pågåande prosjekt i selskapet, med ansvar for å etablere og oppdatere prosjektplanar, samt planar på tvers av prosjekt. Planane vil vere eit sentralt styringsverktøy for konstruksjon, innkjøp og produksjon i verksemda. Du vil, saman med prosjektleiar, vere ansvarleg for rapportering av framdrift på det enkelt prosjekt og korleis dette påverkar andre prosjekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Etablere prosjektplanar
  • Følge opp framdrift i pågåande prosjekt og sikre at planane til ei kvar tid er oppdaterte
  • Innhente og bearbeide prosjektinformasjon, og sikre at denne er riktig
  • Identifisere kritiske milpælar i prosjektet og konsekvensane av at disse ikkje blir møtt.
  • Bidra til å identifisere tiltak som kan redusere konsekvensane ved eventuell forseinkingar
  • Dokumentasjon og rapportering

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer

  • Gode forsikringsordninger

  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver

  • Bistand til å skaffe bustad

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Brødrene Aa As Avd Hyen orgnr: 971654791
Kort om arbeidsgiver

Brødrene Aa AS har hovudlokasjon i Hyen i Vestland og har i dag ca. 170 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale.

Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal med dette fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad.

Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar.

Webside https://www.braa.no/about
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted HYEN (Adresse: Hyevegen 1775 Postnr: 6829)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e29dd66c-b0a8-41ba-a88b-661f18bd5c54
Stillingsregistrering