Prosjektøkonom/controller (vikariat) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet – Universitetet i Bergen
Kontor og økonomi Economy, Statistics and accounting(1 week ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 03-12-2024
Prosjektøkonom/controller (vikariat) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til eit ettårig vikariat i stilling som controller/prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar.
Stillinga er knytt til fakultetet sin økonomiseksjon, men hovudarbeidsplassen vil være ved eitt eller fleire av våre institutt. Du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i fakultetet sin økonomiseksjon. Den som blir tilsett vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med instituttleinga, og med våre forskarar i eit internasjonalt miljø.
Hovudoppgåver i stillinga:
- Budsjettering og oppfølging av budsjett og regnskap for de institutta stillinga vil bli knytt til
- Analysearbeid og prognoser knytt til instituttas økonomistyring
- Vidareutvikling og kvalitetssikring av rapportar, styrings- og leiingsverktøy, samt økonomirutinar
- Oppfølging av eksternfinansierte prosjekt, og utvikle særskilt kompetanse på enkelte prosjektypar/finansieringskjelder
- Budsjettering av prosjektsøknader til ulike finansieringskjeldar
- Vidareutvikling og kvalitetssikring av rapportar, styrings- og leiingsverktøy, samt økonomirutinar
- Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgare utdanning innan økonomi på bachelor eller helst masternivå.
- God økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet.
- Relevant økonomierfaring frå universitets- og høgskulesektoren er eit krav
- Vi ønskjer at du er motivert, serviceinnstilt, sjølvstendig, strukturert og effektiv.
- God administrativ it-kompetanse.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som rådgjevar etter kode 1434, ltr 61-70 (594 500 – 692 400). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Irgan, mob 926 03 364, e-post: vibeke.irgan@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2024/15149
Søknadsfrist: 3. desember.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Økonomi, statistikk og regnskap |
Sted | BERGEN (Adresse: Fosswinckelsgate 6 Postnr: 5020) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-12-2024 |