Prosjektmedarbeidar – SIMAS IKS

(2 weeks ago)

  • KAUPANGER
  •  Post Date: 25. March 2025
  •  Expire date: 21. April 2025
Job Description

Published 25-03-2025
Deadline: 21-04-2025

Prosjektmedarbeidar

Om stillinga

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein prosjektmedarbeidar som vil jobbe med sentrale prosjekt i SIMAS. Som prosjektmedarbeidar vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap. 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere, administrere og gjennomføre prosjektarbeid. 
  • Me står framfor ei større oppgradering og optimalisering av returpunkt for fritidsrenovasjon. I første omgang vil denne stillinga få hovudansvaret for å planlegge og gjennomføre dette arbeidet, samt følgje opp den daglege drifta av returpunkt.
  • I tillegg har SIMAS mange spennande prosjekt med ruteoptimalisering, standard køyreveg, arbeid mot forsøpling, ombruk og pyrolyse, som det vil vere aktuelt å delta i. 

Ønskja kvalifikasjonskrav

  • Ha interesse for avfallsbransjen og gjenvinning/ombruk 
  • Relevant høgare utdanning, eller 2-årig teknisk fagskule 
  • Erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse 
  • Erfaring med prosjektgjennomføring, miljø, bygg- og anlegg, forvaltning og utvikling er ein fordel 
  • Vere bekvem med å forvalte og forholde seg til aktuelt regelverk, noko juridisk kompetanse er ein fordel 
  • Trygg i møte med andre menneske, ha evne til å samarbeide med grunneigarar, eigarkommunar og internt 
  • Gjennomføringsevne, høg grad av ansvarsfølelse og arbeidskapasitet, samt vere fleksibel 
  • Ryddig, strukturert og nøyaktig
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og det vil bli teke omsyn til korleis vår nye medarbeidar kan komplettere dei andre medarbeidarane i verksemda
  • God til å kommunisere skriftleg og muntleg, snakke og skrive flytande norsk 
  • God IKT-kompetanse og vere klar for å lære deg nye system
  • Førarkort klasse B 

Vi tilbyr

  • Ein allsidig jobb i ein bransje i utvikling og som er framtidsretta
  • Godt fagmiljø og hyggelege kollegaer 
  • Varierende dagar med aktivt og samfunnsnyttig miljøarbeid 
  • Fast stilling med gode tenestepensjons- og forsikringsordningar, lønn etter avtale 
  • Arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SIMAS IKS orgnr: 876028662
Kort om arbeidsgiver

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn med stort fokus på klima og miljø og selskapet spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Me jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter på ein kostnadseffektiv måte. 

Webside https://www.simas.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted KAUPANGER (Adresse: Festingdalsvegen 368 Postnr: 6854)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c8393de7-ef7b-4a83-8883-c437f24f7b2b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/278077

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31