Job Description

Published 11-09-2024
Deadline: 26-09-2024

 

Prosjektleiar for utvikling av sjukepleiarutdanning ved HVO 

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie er det ledig 100 prosent engasjementsstilling (eit år) som prosjektleiar for utvikling av sjukepleiarutdanning. 

Høgskulen i Volda planlegg å starte sjukepleiarutdanning (deltid), og søker etter ein person som kan drive utviklingsarbeidet framover. Prosjektleiaren skal leie ei prosjektgruppe, og idenne arbeidsgruppa vil det vere medarbeidarar med fagleg og administrativ kompetanse og erfaring med utvikling av nye utdanningar. 

Arbeidsstaden er i Volda. Det er oppstart etter avtale, og helst så snart som råd.

Det kan verte aktuelt med overgang til fast stilling i sjukepleiarutdanninga etter at prosjektet er ferdig. Ved eventuellovergang til fast stilling er det vilkår om fullført masterutdanning på relevant fagområde for sjukepleiarutdanninga.  

Kvalifikasjonar

Søkarar må ha

  • Sjukepleiarutdanning eller anna relevant helsefagleg utdanning 
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å bygge nettverk oginitiere samarbeid 
  • Gjennomføringsevne

Søkarar bør ha

  • Relevant masterutdanning (vilkår ved ev. fast stilling etter engasjementet)
  • Erfaring medformidling / undervisning  / rettleiing
  • Kjennskap til høgre utdanning (ut over eiga studietid)

Det er ønskeleg at søkarar har

  • Kjennskap tilspesialisthelsetenestaog kommunal helse- og omsorgssektor
  • Kjennskap til praksisfelt for sjukepleiarutdanninga

Arbeidsoppgåver

  • Leie prosjektgruppa
  • Utgreiings- og planarbeid
  • Samarbeide med kollegaer ved ASH om utvikling av sjukepleiarutdanninga
  • Samarbeide med praksisfeltet om intensjonsavtalar for praksis 
  • Samarbeide med kommunar og helseføretak i regionen om utforming av utdanninga 

Vi tilbyr

  • Inkluderandemiljø med engasjerte kollegaer
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse, SPK
  • Høve til trening i arbeidstida
  • Løn i samsvar med kvalifikasjonar, mellom kr. 630 000,-  – kr. 780 000,- 
  • Stillingskode: 1113 prosjektleiar

Det vert trekt 2prosentlovbestemt innskot i Statens pensjonskasse av løna, tilpensjonssparing og risikoforsikring, les meir på www.spk.no.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

Dersom du vil ha meir informasjon om stillinga, kan du kontakte dosent Randi Bergem, e-post: bergemr@hivolda.noeller mobil: 481 57 271.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen i Volda orgnr: 974855496
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Webside http://hivolda.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted VOLDA (Adresse: Joplassvegen 11 Postnr: 6103)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/37d8b1b7-b762-43c7-808a-423679e86d51
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267811