Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Prosjektleiar 

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er
ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.  

Seksjon for utbygging har ansvaret for gjennomføringa av alle investeringsprosjekt innan bygg i Vestland fylkeskommune og søker no fleire engasjerte medarbeidar i eit utviklande miljø.  Kontorstad er Leikanger og Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiing/-administrasjon av ulike bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • Sikre at prosjekta blir gjennomført i samsvar med interne rutinar og krav knytt til økonomi, framdrift, kvalitet, miljø og HMS
  • Sikre samspel med tilsette, brukarar og andre samarbeidspartar
  • Fagleg medverknad i ulike utredningar og prosjektgrupper

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på master eller minimum bachelornivå innan bygg- eller tekniske fag
  • Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Relevant praksis frå arbeidsområdet, men velkvalifiserte nyutdanna vil òg bli vurderte
  • IT kompetanse med kjennskap til digitale verktøy i faget
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar, samarbeidsevner og positiv innstilling
  • Vi ynskjer medarbeidarar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet og utviklinga av avdelinga 
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig
  • God norsk framstillingsevne , munnleg og skriftleg
  • Høg etisk standard 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings – og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid og heimekontorordning

Andre opplysningar 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Kontaktinformasjon

Jan Tore Rosenlund, utbyggingssjef, 91674735

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4853677602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver EIU- Utbygging, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c933cf9e-bf2b-4c8e-b73c-435636dc616c
IMPORTAPI