Job Description
Published 18-03-2025
Deadline: 02-04-2025
Prosjektkoordinator
Fyresdal er ein attraktiv kommune å etablere seg i og ein ser mellom anna at ein stor datasenteraktør viser sterk interesse for å etablere seg her. Vi treng derfor ein koordinator som skal arbeide i grensesnittet mellom kommunens avdelingar for plan og næring samt ut mot private og offentlege aktørar. Stillinga er førebels eit 2 års engasjement, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Koordinering av private og offentlege aktørar i tilknyting til utviklings-, plan- og prosjekteringsoppgåver som kjem i kjølvatnet av ei datasenteretablering.
- Prosjektkoordinatoren er eit sentralt bindeledd mellom kommunens avdelingar og private og offentlege aktørar, og vil samordne og ivareta kommunen sine interesser i store utbyggingsprosjekt.
- Koordinere stads- og bygdeutvikling, inkludert områdereguleringsplanar i forbindelse med datasenteretablering.
- Koordinere involverings- og medverknadsprosessar.
- Koordinere rettleiing av offentlege og private tiltakshavarar frå idé til gjennomføring.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning som bachelorgrad eller mastergrad.
- Praktisk erfaring med prosjektleiing og/eller prosessar gjerne frå både privat og offentleg sektor.
- Ønskjeleg med god kjennskap til samspelet mellom politikk og forvaltning, inkludert god rolleforståing.
- Høg grad av digital forståing og bruk av digitale verktøy.
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
- For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst dokumenterte språkkunnskapar, skriftleg og munnleg på nivå B2. Dette gjeld ikkje for skandinaviske søkarar. Dokumentasjon skal leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert, ta initiativ til avklaringar, vere løysingsorientert og ha god gjennomføringsevne.
- Gode kommunikasjonsevner, med evne til å formidle klare forventningar, bodskap og tilbakemeldingar, både munnleg og skriftleg, i prosjektorganisasjonen og i møte med kommunen sine innbyggarar og utbyggarar.
- Evne til å arbeide og skape resultat gjennom ein kombinasjon av sjølvstendig arbeid og deltaking i team.
- Fleksibilitet og stor arbeidskapasitet er ein styrke.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande, interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Utviklingsmoglegheiter
- God pensjonsordning
- Løn og tilsetting etter avtale
Kontaktinformasjon
Gerd Straume, Næringssjef, + 47 90 59 18 36, gerd.straume@fyresdal.kommune.no
Halvor Homme, Kommunalsjef plan og teknikk, +47 90 77 77 57
Arbeidssted
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4938336970
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 02.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stab plan og teknikk, Fyresdal kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for. |
Webside | https://www.fyresdal.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | FYRESDAL (Adresse: Klokkarhamaren 6 Postnr: 3870) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-04-2025 |