Prosjektingeniør – Statens vegvesen

Construction Andre ingeniører

(1 day ago)

  • BJØRKELANGEN
  •  Post Date: 13. November 2024
  •  Expire date: 2. December 2024
Job Description

Published 13-11-2024
Deadline: 02-12-2024

 

Prosjektingeniør

Om stillinga

Vil du bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag som prosjektingeniør? Statens vegvesen har ansvaret for bruberedskapen i Noreg. For å ivareta dette ansvaret har vi bygd opp ein organisasjon med medarbeidarar spreidd rundt i landet. Beredskapsbruer blir brukt både ved brutte veg- og ferjesamband og som mellombelse bruløysingar ved anlegg til Statens vegvesen.

I dette arbeidsområdet vil du sjonglere fleire prosjekt samstundes, og noko reiseverksemd må reknast med ved beredskapshendingar og planlagde prosjekt. Særleg i opplæringsperioden vil det vere behov for noko ekstra reiseverksemd til Oslo.

Kontorstad for stillinga er hovudsakleg Holtermoen brulager, men kontorstader i Molde, Drammen og Moss kan vurderast for spesielt kvalifiserte kandidatar.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil vere å:

  • prosjektere mellombelse stålbruer og ferjekaier. Herunder teikne, designe og lage berekningsrapportar.
  • prosjektleiing, kontakt med byggeleiing og prosjektleiarar på byggeplass.
  • vidareutvikle materiell til Bruberedskap gjennom å produsere spesialkomponentar.
  • forenkle og standardisere prosedyrar, samt utstyr.

Kompetansekrav

Du må ha

  • Treårig relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, helst innan fagområda konstruksjon, bygg og anlegg eller maskin. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • førarkort klasse B
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Stillingen krev at du må ha eller kunne bli tryggingsklarert. 

Det er ønskjeleg med

  • erfaring innan dimensjonering eller bygging av stålkonstruksjonar.
  • erfaring med prosjektrelatert arbeid.
  • erfaring med 3D-teikneprogram som Autodesk Inventor og Autocad

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi autorisert omsetjing av dine papirer og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå teamet sine mål. Er du i tillegg interessert i å lære faget, då bruberedskap er eit smalt fagfelt med få personar som har erfaring innan dette, er det avgjerande at du har vilje og evne til å ta til deg læring. Vi ser etter deg som er sjølvgåande, og som er god på å finne arbeidsoppgåver og prioritere kva arbeidsoppgåver som skal utførast utan detaljstyring frå leiar. Stillinga krev at du tek ansvar for ditt arbeid. Å gjere feil kan få store konsekvensar ved at konstruksjonane vi bygg kollapsar. Du må ha forståing for ansvaret som ligg til stillinga, og forstå ansvaret eininga har for nasjonen Noreg. Du må kunne bruke kreativitet til å løyse utfordringar. Det vil dukke opp situasjonar som er ukjende, og det vil krevje kreativitet og evne til å tenkje utanfor boksen.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • Moglegheit for heimekontor

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt kontorsjef Øistein Haakonseth Albrechtsen på tlf. 98996379 for ein hyggeleg og uforpliktande samtale.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

 

 

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BJØRKELANGEN (Adresse: Nyveien 154 Postnr: 1940)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0c53a6eb-9270-4a5b-868e-ab2cca0cb640
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270923