Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 22-04-2025

Prosjekteringsleiar og/eller vegplanleggar samferdsel

Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen med over 6000 tilsette. 400 av desse er tilsett på avdelinga infrastruktur og veg. Årleg jobbar me med fleire hundre spennande prosjekt knytt til samferdsel og er ein av dei største byggherrene i Noreg.

Vi har ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke.

Til prosjekteringsseksjonen søkjer vi no etter to dyktig prosjekteringsleiarar/vegplanleggarar, som vil vere med å bidra til at vi får utarbeida gode byggeplanar/konkurransegrunnlag for prosjekt i heile fylket.

Arbeidsstad: Bergen

Arbeidsoppgåver

Som prosjekteringsleiar eller vegplanleggjar hjå oss får du mogelegheit til å vere med på spennande prosjekt i heile Vestland fylke. Du skal bidra til at vi får fagleg gode, framtidsretta og berekraftige byggeplanar. Du vil samarbeide tett med fagpersonar innan alle aktuelle fag, samt prosjektleiar og byggjeleiar på det einskilde prosjekt, gjennom heile prosjekteringsfasen og byggefasen. 

Andre typiske arbeidsoppgåver:

  • Prosjekteringsleiar har ansvar for utarbeiding av konkurransegrunnlag som består av modell/teikningar og mengdebeskriving, ved bruk av interne og/eller eksterne ressursar
  • Vegplanleggar utarbeidar modell/teikningar og mengdebeskriving
  • Ansvar for nødvendige søknader mot andre offentlege etatar
  • Framdriftsplanlegging
  • Økonomioppfølging
  • Kvalitetssikring av leveransar

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning frå høgskule/universitet, min. 3 år
  • Ønskeleg med kjennskap til Statens vegvesen sine handbøker
  • Ønskeleg med kjennskap til BIM 
  • Vegplanleggar bør ha god kjennskap til prosjekteringsverktøy (AutoCad, Novapoint, m.fl.)
  • Førarkort klasse B er naudsynt

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som trivast med å vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Du er oppteken av kunnskapsdeling og bidreg til godt samarbeid på tvers av ulike fagområder. Du må vere ein lagspelar som arbeider godt i team. Du må ha evne til å motivere andre, arbeide strukturert og målretta. 

Du har gode kommunikasjonseigenskapar og beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg. 

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein flott organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke
  • Stor variasjon i både størrelse og kompleksitet i prosjekta
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Tillitsbasert leiing der du raskt kan få ansvar
  • Fleksibel arbeidstid og sommartid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Flotte kontorfasilitetar i opent landskap

Kontaktinformasjon

Annicke Bergh Monsen, leiar, 92237372

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4931684141
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver INV – Prosjektering, Vestland fylkeskommune orgnr: 923723048
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://www.vestlandfylke.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b409c34f-45ed-4c1a-a799-74215cec7387
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31