Job Description
Published 09-10-2024
Deadline: 25-10-2024
Project Engineer Aftermarket
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft byggjer avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad.
Vi er inne i ei spennande periode med mange kontraktar både på nybygg og
ettermarknadsoppdrag og skal no utvide teamet vårt med ein prosjektingeniør
innan ettermarknad.
Vi ser etter deg med interesse for maritim industri og skipsbygging. Du vil få ei spennande og utfordrande rolle
der ein skal arbeide mot optimal samhandling i grensesnitt mellom sal, innkjøp,
teknisk, prosjekt- og linjeorganisasjon. Størrelse og kompleksitet på
ettermarknadsoppdraga vil variere, og det er viktig at du evnar å tilpasse
løysingar for kundar på ulike nivå.
Arbeidsoppgåver
- Støtte prosjektleiar ettermarknad med kalkulering og planlegging av ettermarknadsprosjekt, her under bidra med erfaring og nøkkeltal frå gjennomførte prosjekt
- Ta rolle som prosjektleiar på større ombyggingar
- Vidareutvikle kalkuleringsmetodikk og -verktøy
- Bidra til at ettermarknadsavdelinga sine interesser er tatt vare på mot eksisterande og framtidige
digitaliseringsprosjekt i Ulstein Group
Kvalifikasjonar og erfaring
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning innan tekniske fag og gjerne har
bakgrunn som inspektør eller vessel manager.
Det er ein fordel at du har innsikt i skipsbygging og har god produksjons- og teknisk forståing. Det
vil også vere ein fordel med relevant erfaring innan gjennomføring av
skipsbyggingsprosjekt/prosjektleiing, at du er analytisk og trivast med
planlegging og kalkulering av prosjekt. Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
er nødvendig i stillinga.
Kvifor velje oss som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på ein variert og interessant jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Vi er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.
Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon!
I hjartet av Sunnmøre
Ulsteinvik og kommunane rundt er ein flott stad i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Vi er omkransa av fjell og turterreng, og det er kort veg til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane
Kontaktinformasjon
Martin Sundgot Hansen, Sales Manager Aftermarket, +47 40073247
Ann Kristin Hatløy Fiskaa, HR Advisor, +47 95022468
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 4846390700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ulstein Verft AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. |
Webside | http://www.ulstein.com |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 25-10-2024 |