Praktisk bistand – Heimetenester, Ørsta kommune
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(2 weeks ago)
Job Description
Published 26-12-2024
Deadline: 13-01-2025
Praktisk bistand
Ved Heimetenester sentrum er det ledig 80 % stilling i praktisk bistand. Vi søkjer etter ein engasjert og ansvarleg medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du får arbeide saman i eit godt team med fokus på forebygging og velferdsteknologi.
Vi jobbar med årsturnus og oppgåvedeling for å sikre drift heile året.
Arbeidsoppgåver
- Heimehjelp/praktisk bistand omfattar veiledning og praktisk hjelp i heimen, mellom anna reingjering, skifte sengetøy, klevask og handle daglegvare
- Utøving av helsetenester til mottakarar av heimetenester
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Du må disponere eigen bil i tenesta
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeid
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Du må ha førarkort klasse B
- Du må nytte digitale fagsystem
- Du må ha gode skriftlig og muntlig norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap
- Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert både sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
- Varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Arbeid på dag veke, inkl. helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 – Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6190 heimehjelp
Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4898441893
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 13.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Heimetenester, Ørsta kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | ØRSTA (Adresse: Rådhuset Postnr: 6153) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-01-2025 |