Job Description

Published 25-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Praksiskoordinator (seniorkonsulent)

Om NHH Karrieresenter og stillinga

Vi søkjer etter deg som er engasjert og dyktig, som trivs i eit internasjonalt miljø med ein variert kvardag, der du har mykje kontakt med studentar og samarbeidspartnar over heile verda. Du har solid digital kompetanse som bidrar til utvikling av prosessar og strukturar.

NHH er leiande på studentmobilitet i Norge og som vår nye medarbeidar vil di hovudoppgåve vere knytt til utvikling og drift av praksismobilitet som gir studentar høve til å vere i praksis hjå ein arbeidsgivar i ein periode som ein del av utdanningsløpet.

Stillinga er prosjektbasert og ledig fram til desember 2025 med høve til forlenging. Du vil inngå i NHH sitt Karrieresenter ved Seksjon for internasjonale relasjonar, som er ein del av Studieadministrativ avdeling. Karrieresenteret bidrar til den personlege og profesjonelle utviklinga til studentane igjennom rettleiing, kurs, arrangement og utvikling og drift av praksismobilitet. Du vil få brukt mange ulike eigenskapar og kunnskapar i stillinga, og vil jobbe med mange aktørar både eksternt og internt, nasjonalt og internasjonalt. 

Hovudoppgåver vil vere å

  • jobbe med utviklingsarbeid knytt til etablering og vidareutvikling av høgskulen sine tilbod om praksismobilitet
  • sakshandsame og administrere høgskulen sine program for praksismobilitet 
  • rettleie og rådgje studentar og verksemder om desse programma 
  • koordinere og gjennomføre events og arrangement både for studentar og verksemder 
  • følge opp verksemder som tilbyr studentane praksisplass, kvalitetssikre og vedlikehalde avtalar 
  • koordinere arbeidet mot dei emneansvarlege på institutta for dei ulike praksisprogramma
  • delta i andre arbeidsoppgåver på seksjonen ved behov 

Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • relevant høgare utdanning, minimum tilsvarande bachelornivå 
  • svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
  • gode formuleringsevner skriftleg og munnleg på norsk
  • framifrå ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
  • erfaring frå liknande arbeid

Det er ein føremon at du har

  • sakshandsamarkompetanse frå det offentlege
  • internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
  • kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • språkkunnskapar i andre framandspråk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som 

  • arbeider sjølvstendig, tar initiativ og som ser løysingar
  • har evne til å jobbe målretta og strukturert 
  • har evne til å prioritere i en hektisk arbeidssituasjon, planlegge og organisere arbeidet
  • kommuniserer godt og som er godt til å samarbeide og bygge relasjonar
  • er utviklingsorientert og har evne til å utvikle nye prosessar

NHH tilbyr

  • varierte faglege utfordringar 
  • eit godt arbeidsmiljø 
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
  • inkluderande arbeidsliv
  • velferdsgode som subsidiert trening og bedriftshytte

Stillinga har kode 1363 – seniorkonsulent og er lønna etter lønnsregulativet til staten med kr. 532 200 – 600 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. I tillegg betalar NHH for tida 10 prosent i pensjonsinnskot.

Generell informasjon

NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med leiar for NHH Karrieresenter Ann-Mari Haram, ann-mari.haram@nhh.no tlf. 941 75 804.

Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Norges Handelshøyskole (NHH) orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi er internasjonalt akta for forskingsmiljøet vårt, og vi utdannar framtidas økonomar og leiarar. NHH er førstevalet til studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. Vi har om lag 3 600 studentar og 450 tilsette.

På NHH arbeider vi saman for berekraftig verdiskaping.Høg kvalitet, solid etisk standard og innsats for felles mål pregar all verksemda vår. Høgskolens kjerneverdiar engasjert, open og ambisiøs står sentralt for tilsette og studentar.

NHH – for deg som vil noko meir!
 

Webside http://www.nhh.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Helleveien 30 Postnr: 5045)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a2b0bbbb-c006-4933-a3ec-bebb0fb39577
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269953