PP-rådgjevar/psykolog – PPT

Health and social care Psykolog

(4 days ago)

  • NORHEIMSUND
  •  Post Date: 19. March 2025
  •  Expire date: 3. April 2025
Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 03-04-2025

PP-rådgjevar/psykolog

PPT søkjer ein ny  medarbeider som vikar for vår psykolog/PP-rådgjevar frå snarast og fram til 31.12. 2025. 

PPT er ei av fleire tenester under Kvam Familie- og Læringssenter (KFL) som har følgjande visjon – “Heilskapleg blikk – felles ansvar”. Som PP-rådgjevar vil du få nytta kompetansen din på viktige arenaer for barn og unge, og bidra til system- og tenesteutvikling. I organisasjonsutvikling og systemarbeid knytt til barnehage og skule er PPT ein sentral aktør, og har eit godt samarbeid med familiesenter, barnevern og skulehelsetenesta. PPT er tett på barnehage og skule og har faste ute-kontordagar på alle skulane i kommunen.

PPT har eit sterkt systemperspektiv og prøver så langt me klarer å jobba saman med barnehage og skule for å styrka ordinær opplæring/allmennpedagogisk tilbod slik at færrast mogleg skal ha behov for individuell tilrettelegging/spesialpedagogisk hjelp. Me trur at om me jobbar saman for inkluderande fellesskap, vil det hjelpa alle born/elevar til å finna fram til sitt meistringspotensiale. Saman med barnehage og skule, har me fokus på at “barn er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg”. Dette skal gjennomsyra vårt barne- og elevsyn og våre bidrag inn mot barnehage og skule. Me har tru på at PPT og dei andre tenestene i KFL kan vera med å bidra til gode oppvekstforhold for barn og unge i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Som vikar for vår psykolog vil du koma inn i etablerte samarbeid med barnehage, skule og tenestene i Kvam familie- og læringssenter og eksterne samarbeidspartar.

Individarbeid: Kartlegging og sakkunnig vurdering, samtalar med born/elevar som har behov for det og som er tilvist til PPT, oppfølging/rettleiing til først og fremst personale og nokre gonger føresette,  både på individ- og systemnivå.  

Systemarbeid: Kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, tidleg innsats og  tverrfagleg samarbeid gjennom bl.a. BTI (Betre tverrfagleg innsats). 

Eit særleg førebyggande perspektiv, der målet om gode oppvekstvilkår og meistring  for born og unge skal styra dine bidrag.  

Kvalifikasjonar

  • Du som søkjer er autorisert psykolog eller pedagog med master i spesialpedagogikk
  • I tillegg til formell kompetanse vil erfaring frå skule/barnehage/ PPT verta vektlagt 
  • Det vil vera ein styrke at du har erfaring med/kompetanse på kartleggingsverktøy som t.d. Wisc-V, Logos lesetest, Celf-4. 
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Du må ha førarkort for bil

Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova og Helsepersonellova. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden. 

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ og arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Du har eit sterkt engasjement, der du ynskjer å arbeida både på systemnivå og individnivå for å bidra til at alle born får eit trygt og godt læringsmiljø
  • Du kan rettleia andre og gjera andre gode                                                                                                                                                                                                                                  
  • Du møter kvart barn og ungdom med respekt og interesse og har god relasjonskompetanse. 
  • Du vil jobba i tråd med utviklingsarbeid som er i gang i barnehage og skule/oppvekst
  • Du klarar å jobba ut mot og saman med ulike tenester og samarbeidspartnarar på ulike nivå. 
  • Du er serviceinnstilt, vennleg og imøtekommande
  • Du kan bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har pågangsmot og klarar å jobba med til tider stort arbeidspress og krevjande oppgåver
  • Du kan møta mange ulike typar menneske og situasjonar med vennleg interesse og meistringsfokus

Me tilbyr

  • Eit positivt tverrfagleg arbeidsmiljø med solid fagleg kompetanse og stort engasjement
  • Inspirerande og forskingsbasert utviklingsarbeid i Kvam Familie- og Læringssenter og i samarbeid med skular og barnehagar i Kvam
  • Varierte arbeidsoppgåver på individ- og systemnivå
  • Fast rettleiing i oppgåvene du står i
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Nye og moderne kontorlokale, samlokalisert med barnevern, familiesenter, fysioterapitenesta for barn og unge og barnehage- og skuleeigar.  

 

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

Kontaktinformasjon

Gunvor Frantzen Ulltang, PPT-leiar, +47 915 24 602

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4938342614
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 03.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver PPT orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Postnr: 5600)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 03-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8875afd4-48de-4959-916c-38a09ed9ea03
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31