Portør – Service og logistikk avdeling Haugesund sjukehus

Health and social care Andre helseyrker

(16 hours ago)

  • HAUGESUND
  •  Post Date: 22. September 2024
  •  Expire date: 7. October 2024
Job Description

Published 22-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Portør

Ledig vikariat som portør med mulighet for forlengelse

Hos oss er portørane ein del av driftsområdet ved Haugesund sjukehus og spelar ein stor rolle som støttefuksjon. Stillinga inneber ei arbeidsveke på 35,5 timar, med arbeid tredje kvar helg. Du vil jobbe i ein heilkontinuerleg turnus med dag-, ettermiddag- og nattevakter

Det er stor mogleigheit for at vikariatet kan bli forlenga.

Er du nysgjerrig på kva det vil seie å vere portør?  Møt Pål som gir deg eit innblikk i kvardagen til ein portør ved sjukehuset vårt.

Arbeidsoppgåver

  • Serviceoppgåver
  • Transportoppgåver
  • Avfallshandtering
  • Mange varierte arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev (Helse/sosialfag, servicefag eller logistikkfag)
  • Erfaring frå serviceverksemd
  • Førarkort kl. B  (inkludert manuell gear)
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte.
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
  • er i god fysisk form og kan utføre arbeid som krev fysisk innsats
  • tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
  • har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.      
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Thomas Endre Pedersen, Funksjonsleder, +47 90613438

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4863308764
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.10.2024
Sluttdato: 15.04.2025
Søknadsfrist: 07.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Service og logistikk avdeling Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 15-10-2024
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fdfb4681-536b-4605-8bb0-bc5fa9bcca1d
IMPORTAPI