Job Description

Published 11-10-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Portør- Assistent og reinhaldar

Er du vår nye kollega?

Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i klinikken med sine tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt.

Støtte SOP gjev service og support til ei av Noregs største operasjonsavdelingar og vi har følgande ledige stillingar:

  • 1 x 100% vikariat som spesialreinhaldar i 1 år. Pt 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg
  • 1 x 100% vikariat som assistent hovudreinhald i 1 år. Pt 2-delt turnus med kvar 5 eller 6 helg
  • 2 x 100% faste stillingar som portør med oppstart frå snarast. Pt 2-delt turnus med kvar 5 eller 6 helg

Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.

Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i Avdelinga. “For å sikre eit stabilt og høgt fagleg nivå, blir det forventa at faste tilsette i assistentstilling søker utdanning i sterilforsyningsfaget v/Fagskulen i Vestland. Utdanninga skjer i kombinasjon med arbeid. For opptak til fagskule må ein dokumentere norskkunnskapar (Vg3-nivå i norsk vidaregåande skole eller skriftleg test bestått- høgare nivå + B2). sjekk språkkrav – generell studiekompetanse | HK-dir (hkdir.no)”

Arbeidsoppgåver

Assistent spesialrenhold:

  • Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
  • Sterilforsyningsoppgåver (medisinsk utstyrsbehandling)
  • Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
  • Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og  bidra til å redusere risiko for “flaskehalsar”
  • Rullering på ulike einingar må påreknas

Assistent hovudreingjering: 

  • Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
  • Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
  • Rullering på ulike einingar må påreknast

Portør:

  • Forsyningsmottak og distribusjon av utstyr og forbruksmateriell tilknytta driftsområde i klinikken
  • Bestilling av varer og ulike narkosegassar
  • Bistå med ulike typer oppgåver inn mot operasjonsteama og inne på operasjonstove
  • Sørge for god forsyningsflyt gjennom dagen
  • Hnadtering av avfall
  • Assistere helsepersonell i transport av nyopererte pasientar
  • Forefallande arbeid
  • Nokre arbeidsoppgåver kan vere fysisk krevande

Nye oppgåver kan tilkomme og/eller bli endra i takt med sjukehuset si utvikling og behov. Vi sørver ulike einingar innad såvel som utanfor sentraloperasjonen. Rullering på ulike einingar må difor påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i forsyningslogistikk eller renhald er ønskeleg, men ikkje eit krav. Lang erfaring kan kompensere for fagbrev.
  • Gjennomført vidaregåande skole
  • Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid
  • Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/ microsoft 365)
  • Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå
  • Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du har høg arbeidsmoral 
  • Du er punktleg og pålitetleg
  • Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
  • Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
  • Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
  • Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
  • Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre
  • Du er i god fysisk form
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
  • Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på

Vi tilbyr

  • Opplæring i alle våre system 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
  • Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Mentor i opplæringsperioden
  • Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Monica Alexandra Parreiras Lopes, Ass. seksjonsleiar, 98849071

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4871467667
Stillingsprosent: 100%
Anna

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirugisk serviceklinikk/ Sterilforsyning og støtteavdeling/ KSK støtte SOP, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/da602058-cc2a-4cee-93d0-eefa45f89a9b
IMPORTAPI