Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Politioverbetjent, oppdragsleiar

Vi har ledig ei fast stilling som oppdragsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.

I stillinga som oppdragsleiar vil dine hovudoppgåver vere å leie og koordinere oppdrag etter føringar frå operasjonsleiar, til dømes enkeltoppdrag eller for eit geografisk område. Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar, er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.

Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.

Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga som oppdragsleiar er organisert under seksjon for operativ styring. Operasjonssentralen er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal. Oppmøtestad er i Ålesund. Litt reiseverksemd kan forekomme.

Arbeidsoppgaver

  • Leie og koordinere oppdrag etter føringar frå operasjonsleiar
  • Sørge for å kvalitetssikre og understøtte operatørane sitt arbeid
  • Sørge for god kommunikasjon med innsatsleiar eller annan utpeikt leiar på taktisk nivå
  • Sørge for god kommunikasjon og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Bistå operasjonsleiar med handtering av media, samt informere befolkninga ihht. sentrale og lokale retningslinjer
  • Bistå operasjonsleiar med å ivareta ansvar for HMS-tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste
  • Bistå operasjonsleiar med registrering i TTA
  • Sørge for at oppdrag i PO avsluttast, ordning etter avtale med operasjonsleiar, og at ein til ein kvar tid har ein oppdatert logg
  • Må kunne overta rolla som operasjonsleiar når operasjonsleiar er ute av rommet
  • Bistå operasjonsleiar ved mediehandtering
  • Rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
  • Bidra til god leiing og vidareutvikling av eigen seksjon
  • Utføre oppgåver skildra i “rutiner vedrørende arbeidsfordeling samt gjøremål for OL og ODL”
  • Skal i utgangspunktet ikke besvare 02800 telefoner, dette vurderes fortløpende
  • I tilfelle der operatør ikkje har kapasitet og det ikkje er mogleg med ei omprioritering av operatør til å ta 112-telefonar skal oppdragsleiar bistå
  • Kan etter nærmare godkjenning fungere som operasjonsleiar på enkeltståande vakter
  • Kan av seksjonsleiar påleggast andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjoner

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule
  • Brei erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • Kjennskap til politiet sine operative styringssystem

Kandidatar må kunne klarerast for HEMMELEG, jf sikkerhetsloven.
Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Ønskjeleg:

  • Relevant leiarutdanning
  • Erfaring frå operasjonssentralen
  • Erfaring som leiar

 

Personlige egenskaper

  • Gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt og har god evne til å motivere og bygge opp medarbeidarane
  • Initiativrik
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Høg stresstoleranse
  • Endringsvillig

Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeidarplattform.

Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
  • Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt.
  • Lønn frå kroner frå 615 700 – 646 000.
  • Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
  • Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
  • Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av lønna til SPK.
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
  • Mogelegheit til trening i arbeidstida

 

 

Kontaktinformasjon

Erik Steen Mikalsen, 70118957
Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes, 70118700

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4870778336
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 15.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FOT – Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted ÅLESUND (Adresse: Nedre Strandgate 50 Postnr: 6005)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/13ed86c8-1248-4c0e-90fa-4a7f6ec07ae5
IMPORTAPI