Job Description

Published 03-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Politiførstebetjent

Vi søkjer dyktige etterforskarar til ledige stillingar som politiførstebetjent i Møre og Romsdal politidistrikt, Nordmøre og Romsdal. 

Formålet med desse stillingane er at dei skal være med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i dei geografiske einingane i Møre og Romsdal politidistrikt.

Dei som blir tilsett i stillingane må rekne med å delta innan heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Dei som får desse stillingane skal primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressurspersonar (senioretterforskarar) for andre etterforskarar ved seksjonane.

Det ligg også til stillingane å bli utpeika til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.

Driftseining Nordmøre og Romsdal omfattar sju politistasjonsdistrikt, høvesvis Kristiansund, Molde, Smøla og Aure, Surnadal, Indre Nordmøre, Hustadvika og Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt. Oppmøtestad er ved Molde politistasjon.

Etterforskingsmiljøet i driftseininga er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø og ein ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet og dette skal forsterkast vidare.

Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og stort arbeidspress.

Arbeidsoppgåver

  • Etterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
  • Utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
  • Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
  • Rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved seksjonen
  • Delta i operative aksjonar i regi av team/seksjon, eller som bistand til andre einingar
  • I samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
  • Støtte politipatruljane sin straksetterforsking og politiarbeid på staden
  • Bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
  • Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidartilfredsheit i organisasjonen
  • Andre oppgåver kan påleggast av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule
  • Brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
  • Særs god kjennskap til lovverket innanfor etterforsking
  • Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
  • Gode kunnskapar i bruk av datasystemet til politiet
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Vidareutdanning innan etterforsking
  • Tilleggsutdanning innan eitt eller fleire fagområde innanfor etterforsking
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel
  • Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
  • Kjennskap og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
  • Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt stor vekt på god fagleg kompetanse innanfor etterforsking, herunder god evne til å samarbeide internt og eksternt, samt evner til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Du er heilskapsorientert, og du kan sette retning, drive endring, og skape resultat i samhandling med andre.
  • Du er villig til å lære deg nye fagområde
  • Du er resultatorientert og har god gjennomføringsevne. Du kan jobbe sjølvstendig med god struktur og framdrift
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig i relasjonsbygging
  • Du tar ansvar, er kreativ og løsningsorientert, og du er flink til å sjå moglegheiter innanfor tildelte rammer

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285 /1455, i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 584 500 til kr. 679 700
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Mona Kvernberg, Seksjonleiar, 99696930

Arbeidssted

Strandgata 2
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4867371881
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver MOLDE – Seksjon for etterretning, forebygging og etterforskning, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted MOLDE (Adresse: Strandgata 2 Postnr: 6415)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e1ab2d74-e293-49b7-9cee-18db7a4a2f3c
IMPORTAPI