Politiførstebetjent – fagkontakt DPA – FEE-Avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot, Vest politidistrikt
Security and readiness Politi, fengsel og toll(21 hours ago)
Job Description
Published 01-12-2024
Deadline: 16-12-2024
Politiførstebetjent – fagkontakt DPA
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking(FEE), seksjon for etterforsking av drap, vald og seksuallovbrot er det ledig fast stilling som politiførstebetjent spesialmedarbeider med funksjon som DPA fagkontakt(stillingskode 0285).
Stillinga er underlagd avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot.
Seksjon for etterforsking av drap, vald og seksuallovbrot består av to avsnitt; avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn og avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot. Seksjonen har som hovudfunksjon å leia dei grovaste vald og seksuallovbrots-sakene i Vest politidistrikt.
Stillinga som DPA fagkontakt ved avsnittet inneber fagansvar for digitalt politiarbeid herunder å inneha ein rådgivande funksjon innan elektroniske spor. Fagkontakten er ein spesialisert funksjon, som skal vera kontaktledd mellom eiga eining og funksjonen for digitalt politiarbeid. Fagkontakten skal òg vera kontaktledd og formidlar av ny metode og ny kunnskap innanfor elektroniske spor inn til avsnittet.
Fagkontakten skal òg kunna sikra enklare digitale sporkjelder i samsvar med nasjonale styrande dokument og beste praksis og produksjonssatte metodar. Fagkontakten må kunna leggja til rette sikra eller innhenta elektronisk data for undersøking etter standardiserte framgangsmåtar.
Vidare vil fagkontakt medverka til kvalitetskontroll av rapportar til underliggjande nivå, saman med PEL/PÅL og dataetterforskarar på høgare nivåer.
Arbeidsoppgåver
- Sikring og tilrettelegging av elektroniske spor frå ulike lagringsmedium og sporstader.
- Hjelp til med innhaldsanalyse og rettleiing.
- Yta fagleg rettleiing i samband med etterforsking og analyse av digitale beslag.
- Halda seg oppdatert innanfor utviklinga av digitalt politiarbeid gjennom studiar, kurs og deltakingar på møte/seminar.
- Vere ein ressursperson, inspirator og pådrivar innan fagfeltet i politidistriktet.
- Delta i opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt.
- Andre oppgåver pålagt av overordna.
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Krav om politiskule/politihøgskule
- Tilfredstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 3 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller delar av kompetansekravet fråvikast.
- Relevant erfaring få etterforsking
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Meistra engelsk munnleg og skriftleg
- God kjennskap til systema til politiet
- Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg
- Vidareutdanning i etterforsking (VEF)
- NCFI Core and Concepts modul 1 ved PHS eller forplikta seg til å gjennomføra snarast mogleg og dessutan andre relevante studium ved PHS tilsvarande 20 studiepoeng innan 3 år
- God teknisk kompetanse innan informasjonsteknologi
- Annen relevant utdanning innan teknologi
- Erfaring frå digitalt politiarbeid og god fenomenforståing innan elektroniske sporErfaring frå etterforsking av cyberrelatert kriminalitet
- Kunnskap om etterretning og førebygging
Personlege eigenskapar
- Vere resultatorientert og med god gjennomføringsevne
- Evne til å prioritera og ta gode avgjerder
- Evne til å skapa gode relasjonar og samhandla internt og eksternt
- Være fleksibel og positiv
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politiførstebetjent spesialmedarbeider med funksjon som DPA fagkontakt(stillingskode 0285) vert for tida lønna frå ltr 66/ 646 000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
BedrifthelsetenesteGenerelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr: 24/271838
Kontaktinformasjon
Kristine Lindebjerg Eikemo, Avsnittsleiar, 41434506
Tore Salvesen, Seksjonsleiar, 55556300
Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk søknad/CV, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 4
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4881529752
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 16.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FEE-Avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot, Vest politidistrikt orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 4 Postnr: 5016) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-12-2024 |