Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: 04-10-2024

 

Politibetjent 3/2/1

Me har ledig stilling som politibetjent 3/2/1 ved Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord. Stillinga er fortrinnsvis plassert ved seksjon for etterretning og etterforskning. Det kan også bli aktuelt på førebyggande og patruljeseksjonen.

Me ber søkjarar om å sende søknad, CV og attestar via “søk på stillingen” og at det lastast opp vitnemål fra Politi(høg)skolen.  Vedlagte karakterskjema må fyllast ut og leggast ved søknaden.

Arbeidsoppgaver

  • Etterforske prioriterte straffesaker ved avsnitt for etterforsking og etterretning
  • Førebyggjande og patruljeteneste
  • Følgje opp av kriminalitetsførebyggande tiltak(kunnskapsbasert politiarbeid)Utføre nødvendig etterforsking på staden, etter modell politiarbeid på staden
  • Patruljemannskaper må pårekna å etterforske generelle straffesaker som høyrer til driftseininga. Vere IP4 mannskap, og del av helgeforsterking/heilkontinuerleg turnusteneste
  • Søkjarane må vera førebudde på å bli omdisponert mellom ulike fagdisiplinar og mellom dagtidsteneste og turnusteneste

 

Kvalifikasjoner

Nødvendige:

  • Bestått politi(høg)skule
  • Kjennskap til politiet sitt dataverktøy
  • Etterforskningserfaring
  • Erfaring fra førebyggande og patruljeteneste
  • Vera IP4 godkjent, eller snarleg kunne bli det

Ønskelege:

  • Annan relevant utdanning
  • Vera sterkt motivert til å arbeide på ei lita driftseining med store avstandar og i periodar få operative oppdrag

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev.tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • Være initiativrik og ha engasjement
  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og omgjengeleg

Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Me tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
  • Stillinga vert løna som politibetjent 3 sko 1462, fra kr 526.500,- brutto per år, politibetjent 2 sko 1460, fra kr.468.500,- bruttoper år, politibetjent 1 sko 1458, fra kr.432.800,- brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode
    pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/
    for mer info)

 

Politiet meinar at inkludering og mangfold er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me tilrettelegga for medarbeidarar som har behov for det. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verta vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særhandsama på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav.

For å ha et godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrere utfyllende CV i vår rekrutteringsportal og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar me deg til å kryssa av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege virksemder rapporterea i sine årsrapportar.

Du kan lesa meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan verta offenteggjorde sjølv om du har anmoda om ikkje å verta ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil du verta varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Eivind Obrestad Asheim, 45878084
Kari Rørtveit, 52865290

Arbeidssted

Dreganesvegen 8
5580 Ølen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Vest politidistrikt

Referansenr.: 4856693021
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 04.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver GDE4-Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord – Seksjon for politi, Sør-Vest politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sør- Vest politidistrikt har omlag 520.000 innbyggjarar busett i 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, mens 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekk seg frå Moi og Lund kommune i Sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.

Politidistriktet har omlag 1.200 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og behandling av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg leiar for Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Hovudmålsettinga for distriktet er å møta publikum sitt behov for tryggleik, lov og orden. 

Sauda og Suldal har administrasjonsstad og tenesteeining i Sauda kommune og tenestestad i Suldal kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Sauda kommune med omlag 4.500 innbyggjarar og Suldal kommune med omlag 3.800 innbyggjarar.

Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Vindafjord kommune med omlag 8.800 innbyggjarar og Etne kommune med omlag 4.000 innbyggjarar.

Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og er eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og bredt tenestetilbod til innbyggjarane. 

 

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted ØLEN (Adresse: Dreganesvegen 8 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fbc542dd-3cd1-4f3f-a0e9-fd8d6b19b580
IMPORTAPI