Job Description

Published 07-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Politibetjent 3/2/1

Vi søkjer etter engasjerte og motiverte medarbeidarar til faste stillingar som politibetjent 3/2/1 i Ålesund. 

Vi søkjer deg som vil jobbe turnustjeneste med vakt og beredskapstjeneste og ser viktigheita av å utvikle deg i takt med samfunnsutviklinga. Du kjenner deg igjen når vi seier du har gode samarbeidsevner og er generelt flink i møte med menneskjer.  

Politibetjent innan vakt- og beredskapsteneste skal på døgnkontinuerleg basis bidra til å sikre tryggleik for innbyggjarane gjennom kriminalitetsførebygging som hovudstrategi. I periodar må ein pårekne arbeid innan etterforsking, avhengig av behov i driftseininga.

Stillingane er for tida plassert ved geografisk driftseining Sunnmøre, ved Ålesund politistasjonsdistrikt, ved seksjon for vakt og beredskap. Stillinga sitt grunnpreg er polititjeneste i Møre og Romsdal politidistrikt. Politidistriktet har mange politioppgåver. Den som blir tilsett i stillinga må pårekne å arbeide med andre gjeremål enn det som er skildra i annonsa og ved andre einingar ved behov.

Som politibetjent hos oss vil du vere ein del av eit aktivt og godt arbeidsmiljø med mange hyggelege kollegaer. Du vil møte mange utfordringar knytt til ulike kriminalitetsområde som ungdomskriminalitet, vald i være relasjonar, narkotika, trafikk og uteliv. Ålesund politistasjonsdistrikt og Sunnmøre byr på mektige naturopplevingar samtidig som at Ålesund med sine omlag 60.000 innbyggjarar har eit rikt utvalg av kulturelle opplevingar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid innan vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått Politi(høg)skulen. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
  • Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Ønska:

  • Erfaring frå politistilling
  • Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • Etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen / anna relevant tilleggsutdanning
  • Anna relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Handlekraftig, tar initiativ

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeidarplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 524 700 – kr. 604 900
  • Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 460 600 – kr. 487 800
  • Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 432 800 – kr. 472 900
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Karl Idar Vik, 70118750

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4856464115
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ÅLESUND – Seksjon vakt/beredskap, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted ÅLESUND (Adresse: Nedre Strandgate 50 Postnr: 6005)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3362105f-67a7-4694-93da-a397622d5bc5
IMPORTAPI