Politiadvokat 2 – Felles eining for påtale, Seksjon for felles straffesaksinntak
Kontor og økonomi Juridisk arbeid(2 days ago)
Job Description
Published 22-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Politiadvokat 2
I Vest politidistrikt ved Felles eining for påtale, er det ledig eit vikariat som politiadvokat 2 (SKO 1543) med funksjon som fagleiar ved Seksjon for felles straffesaksinntak (FSI). Ved intern tilsetjing, kan det bli ledig eit vikariat som politiadvokat 2/ politiadvokat med utvida påtalekompetanse.
Seksjon for felles straffesaksinntak (FSI) skal sørgja for at alle mottekne meldingar blir riktig prioriterte og handterte i den innleiande fasen. Påtale ved FSI utfører den påtalemessige vurderinga og prioriteringa av innkomne saker og den innleiande etterforskingsleiinga ved straffesaksinntaket. FSI påtale har ansvar for distriktets jourtjeneste 24/7. Stillinga er utfordrande og stiller store krav til sjølvstende og evne til å treffa avgjerder i pressa situasjonar. FSI har eit godt arbeidsmiljø og samarbeider tett med andre profesjonar; som etterforskarar, etterforskingsleiarar, sivile, OPS, patruljer, innsatsleiarar og dei straffesaksansvarlege i distriktet.
Arbeidsoppgåver
- Alle ved FSI påtale jobbar turnus
- Som tilsett ved FSI påtale har du ansvar for den påtalemessig leiinga av etterforskinga i initialfasen innan påtalespørsmål og straffesaksbehandling, under dette:
- prioritering og vurdering av innkommande saker
- gjennomføring av aktorat for tingrett og lagmannsrett
- skriva begjæring om varetektsfengsling og møte i fengslingsmøte
- behandla klager og ankar
- delta i tilbakemeldingsmøte
- jourtjeneste
- legalitetskontroll
- andre oppgåver pålagt av overordnet
- Gi fagleg støtte og rettleiing til politifagleg etterforskningsleiar, etterforskar, ordensstyrken og operasjonssentralen om saksbehandlinga
- Som fagleiar vil du i tillegg ha et særleg ansvar for å sjå til at etterforsking, etterforskingsleiing, og øvrige påtaleoppgåver er i samsvar med Riksadvokatens rundskriv om etterforsking og at etterforskinga ved FSI blir utført i samsvar med gjeldende lover, reglar og instruksar
- Fagleiar skal bistå seksjonsleiar med fagkunnskap, fagleiing, saksprioritering, utvikling av rutinar/arbeidsmetodar
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
- For politiadvokat 2 er det krav om minst 5 år arbeidserfaring med påtaleleiing av straffesaker, eller minst 6 års relevant arbeidserfaring, hvorav minst 3 års påtaleerfaring.
- Unntak til kravet om arbeidserfaring bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar
- For politiadvokat er det krav om utvida påtalekompetanse
- God munnleg og skriftleg framføring
Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskelege:
- Godt fagleg nivå
- Relevante kurs/tilleggsutdanning
- God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel
- Relevant leiarerfaring er ein fordel for stillinga som fagleiar
Personlege eigenskaper
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt
- Evne til å formidle fagleg kunnskap og drive med opplæring
- Evne til å arbeide effektivt, strukturert og vere mål- og resultatorientert
- Vere ansvarsbevisst og sjølvstendig med evne til å treffe vanskelege avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
- Evne til å tenke helhetlig.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida
- Stilling som politiadvokat 2 med funksjon som fagleiar (stillingskode 1543) vert for tida lønna frå kr 919.200,-. Stilling som politiadvokat 2 (stillingskode 1543) vert lønna frå kr 830.800,-. Politiadvokat (stillingskode 1245) vert lønna fra kr 645.500,-. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.: 24/279754
Kontaktinformasjon
Martine Eilertsen Haaland, Seksjonsleiar, 99082932
Spørsmål om elektronisk CV/ søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidsstad
Allehelgens gate 6
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4887416505
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Felles eining for påtale, Seksjon for felles straffesaksinntak orgnr: 974737329 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Juridisk arbeid |
Sted | BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-01-2025 |