Pleiemedarbeider i BPA-team – Avdeling 1, Klepp kommune

Health and social care Andre helseyrker

(1 day ago)

  • KLEPPE
  •  Post Date: 10. December 2024
  •  Expire date: 5. January 2025
Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Pleiemedarbeider i BPA-team

Det er no ledig stilling som brukerstyrt personleg assistent (BPA) hos ei av våre brukare med alvorleg ME. 
Det er ein fordel å ha kjennskap til sjukdommen, men ikke avgjerande. Du må vere roleg, ha evne til å vise forståing, kunne sjå personen bak diagnosen og være god på  samarbeid. Teamet består av 8 damer i ulike aldre, og jobben gjeres i heimen til brukar. Mannlege søkjarar vil ikkje verte vurdert til denne stillinga. 

Det er ynskjeleg at søkjar har kapasitet til å ta ekstravakter, og det kan verte mogeleg med auka stillingsprosent.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er delte, og fylgjer brukers behov. Ein er omsorgsarbeider, heimehjelp og kjøkkenassistent i ett. Tenesta endres når brukars behov endrer seg, det gjeld både oppgåver og arbeidstid.
Stillinga inneber per tiden todelt turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg.

Kvalifikasjonar

Me ser etter nokon som er positive og fleksible, og som trives med å jobbe både sjølvstendig og i team. 
Det er avgjerande at søkjar snakkar og skriv flytande norsk.
Me krev politiattest før fyrste vakt.

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
 

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevne kombinert med evna til å ta gode faglege vurderingar.
Fleksibel og samarbeidsvillig

Vi tilbyr

Meningsfulle og varierte arbeidsoppgaver
Lønn etter kvalifikasjoner
Gode forsikrings- og pensjonsordninger

Kontaktinformasjon

Olga Marie Torsvik, Avdelingsleiar, +47 48131751

Arbeidsstad

Prestevegen 12
4352 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4895342131
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling 1, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted KLEPPE (Adresse: Prestevegen 12 Postnr: 4352)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/18c748fe-0105-48f5-9a0e-c7cfcfbe9541
IMPORTAPI