Job Description

Published 14-01-2025
Deadline: 28-01-2025

Pleieassistent 50% fast- med langvakt kvar 4.veke

Om stillinga

Me har ledig ei 50% fast stilling som pleieassistent. I denne  turnusen er det langvakt kvar 4.helg. Det er ein fordel om du har medisinmynde og erfaring med å gi medisin. 

Om avdelinga

Ostereidet heimeteneste er organisert i to grupper: ei gruppe som leverer tenester til brukarar i det tilhøyrande geografiske området, og ei gruppe som yter tenester til bebuarar i døgnbemanna bustader på Ostertun. Ostertun består av 28 leiligheter. Personalet arbeider på tvers av gruppene basert på behov og kompetanse. Avdelinga har eit godt tverrfaglig team som består av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Me har to personar som jobbar langvakter kvar helg. Langvaktene varer frå kl. 08:00 til 22:00 på laurdag og sundag, med ein 1,5 times pause midt på dagen – i tillegg til dei vanlege pausane på tidleg- og seinvakt. Når du har langvakt jobbar du kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

Assistentar i heimetenesta har arbeidsoppgåver som hjelp til personleg hygiene, påkledning, forflytning, måltider og praktisk bistand. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Som assistent kan ein få medisindelegering etter avtale.

Kvalifikasjonskrav

Førarkort klasse B

Gode norsk kunnskapar, både muntleg og skriftleg

Det er ønskjeleg at du har erfaring med arbeid frå eldreomsorga og det er ønskeleg at du har medisinmynde og erfaring med å gi medisin.

Kven er du?

Vi ønsker oss ein person som

  • Trivst med å arbeide sjølvstendig 
  • Har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Er løysningsorientert og fleksibel 
  • Er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer 
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og variert utfordringar 
  • Fagleg utvikling 
  • Årsturnus Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk 
  • God pensjonsordning

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og variert arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad» 
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.

Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg. 
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OSTEREIDET (Adresse: Eidavegen 512 Postnr: 5993)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8ce57ba5-7b56-4d09-bdd6-46c7c40fd434
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/273631

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31