Plattformutviklar – Skyss

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(3 days ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 16. September 2024
  •  Expire date: 6. October 2024
Job Description

Published 16-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Plattformutviklar

Er du utviklar? Brenn du for miljøvennlege løysingar i samfunnet? I Skyss kan du vere med å gjere kvardagen betre for tusenvis av reisande kvar einaste dag.

Skyss skal tilby berekraftig rørslefridom med buss, bybane og båt, men også med nye og samansatte mobilitetsløysingar. For å få dette til, treng vi datadriven produkt- og tenesteutvikling

Vi søker ein samfunnsengasjert dataplattformutviklar som skal ha ei sentral rolle i å etablere ei ny digital plattform for Skyss. Du vil inngå i eit lite fagmiljø der du får rom til å påverke og sette retning for utviklinga. Dataplattforma blir utvikla i Azure Cloud og med Databricks som sentrale verktøy.

For å lukkast i rolla er det ein fordel med bakgrunn som utviklar i eit domeneorientert team.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og forvalte Skyss sin digitale plattform saman med kollegaer i produktteamet
  • Vere pådrivar for å finne nye områder og behov som kan støttast ved bruk av teknologi
  • Bidra til kompetanseheving og erfaringsoverføring i fagmiljøet
  • Fagleg støtte til leiinga
  • Understøtte Skyss sine strategiske mål ved hjelp av til plattformutvikling

Kvalifikasjonar

  • Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde
  • Kode (gjerne Python, eller SQL)
  • Erfaring med CI/CD, Git/Gitlab
  • Erfaring med IaC, til dømes Terraform
  • Erfaring med drift av skyløysingar; mellom anna med vekt på kvalitet, tryggleik, stabilitet og skalerbarheit
  • Erfaring med dataplattformer som Databricks, Snowflake e.l.
  • Har arbeidd med utvikling av dataplattform og/eller utvikling av domeneorienterte tenester

Det er ein fordel (men ikkje eit krav) at du har kjennskap til:

  • Moderne produktorganisasjonar
  • Data- og hendingsdriven arkitektur
  • Data mesh
  • GDPR-relaterte utfordringar i ein dataplattform-kontekst
  • Business intelligence, informasjonsforvaltning og/eller data science

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer godt og naturleg med alle. Opp, ned, til sida og med brukarane
  • Har ein stil som motiverer andre, for i morgon må vi gjere det betre enn i dag
  • Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert, både munnleg og skriftleg
  • Trivast med tverrfagleg arbeid
  • Er sjølvgåande og initiativrik
  • Er ein akselerator for at «ting blir gjort»

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Høve til å utvikle seg fagleg
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Førde

Andre opplysningar

  • Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjordet sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

André Tangen, leiar, 91807390

Arbeidsstad

 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4852361857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skyss orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Webside skyss.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/64825b5b-223e-4939-bb4c-e36afba2b262
IMPORTAPI