Job Description

Published 18-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Pile -/Kleppetunet , Volda Omsorgssenter har ledig vikariat for  helsefagarbeidar  

Vi treng ein helsefagarbeidar til på laget vårt !

Vi har ledig 66 % vikariat frå 01.11.24 og fram til 31.08.25. Kan bli forlenga. Stillinga er i hovudsak på natt, men har og kveldsvakter slik den vert todelt, natt/kveld, med arbeid kvar 3 helg.  Det kan bli endring i arbeidstid i løpet av perioden. 

Arbeidsstaden er f.t i  2.etg på Volda Omsorgssenter, seksjon Pile/Kleppetunet. Dette er ein seksjon for personer med alvorleg demens. Det er 18 bebuarar på avdelinga fordelt på 2 skjerma einingar. 

På Pile/Kleppetunet er miljøarbeid og det å sjå kvar enkelt bebuar i fokus. Personalet jobbar med ein tanke om at øyeblikkets gleder er viktige.

Arbeidsoppgåver

Delta i heilhetleg pleie og oppfølging av bebuarane.
Dokumentere i Gerica
Ansvar for at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med tilsynslege og andre samarbeidspartnarar. 
Hovudansvar for legemiddeladmininstrasjonen ved bugruppene
Vere primærkontakt til bebuar og pårørende
Veileder og- undervisningsansvar 
Bidra aktivt til et helsefremmende miljø.
Bidra til å kvalitetssikre tenestene.

Kvalifikasjonar

Du er autorisert helsefagarbeidar, oppgje HPR nr i søknaden.
Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
    Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver
    Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er oppteken av aktiv omsorg
    Du er ansvarsbevisst og løysningsfokusert
    Du er fleksibel og liker utfordringar 

     

Vi tilbyr

Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.
Gode mogelegheiter for kompetanseheving
Regelmessig internundervisning
Gode forsikrings og – pensjonsordninger

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Sigrid Saanum, Seksjonsleiar Pile /Kleppetunet, 99228370, sigrid.saanum@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4858242467
Stillingsprosent: 66%
Vikar
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Institusjonsteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VOLDA (Adresse: Barstadmarka 2 Postnr: 6102)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cde80da4-2d51-4253-a24a-5e55db062889
IMPORTAPI