Ph.d.-stipendiat i informatikk (inntil 3 stillingar) – Universitetet i Bergen
IT Development(2 måneder ago)
Job Description
Published 10-10-2024
Deadline: 01-12-2024
Ph.d.-stipendiat i informatikk (inntil 3 stillingar)
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i informatikk (inntil 3 stillingar)
Ved Institutt for informatikk er det ledig inntil 3 stillingar som ph.d.-stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og didaktikk. Våre sentre Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit og Energy Informatics Lab er viktige utvidingar av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå meir enn 35 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Alle stipendiatar ved instituttet vert medlem av forskarskulen vår i IKT som gjev moglegheit å treffe stipendiatar på tvers av forskingsretningane. Skulen har årlege samlingar, månadlege lunsjar og tilbod om kurs innan vitskapeleg skriving og søknadsskriving. I tillegg til å arbeide mot å oppnå ph.d.-graden i løpet av tilsetjingsperioden, kan du bidra innan undervisning, formidling og andre oppgåver for instituttet i 25% av arbeidstida di som eit karrierefremjande tiltak.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, matematikk, fysikk eller eit anna relevant fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 20.06.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Du må kunne vise til bakgrunn, interesse og evne til forsking innan ei eller fleire av retningane: algoritmar, bioinformatikk, data science, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon (kryptografi), visualisering eller informatikk fagdidaktikk.
- Gode programmeringskunnskapar er ein føremon.
- Erfaring frå undervisning eller undervisningsassistanse er ein føremon, særleg undervisning av programmeringsemne.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, gode samarbeidsevner og gode kommunikasjons- og formidlingsevner. Ambisjonar og potensial vil telje ved vurdering av kandidatane, like eins interesse og entusiasme for undervisning og formidling.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Inge Jonassen, eller administrasjonssjef Linda Vagtskjold.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | BERGEN (Adresse: Thormøhlensgate 55 Postnr: 5006) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |