Ph.d.- Stipendiat i fjernmåling og fotogrammetri av kryosfæren – Universitetet i Bergen
Utdanning Universitet og høyskole(2 weeks ago)
Job Description
Published 03-04-2025
Deadline: 23-05-2025
Ph.d.- Stipendiat i fjernmåling og fotogrammetri av kryosfæren
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Stipendiat
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og fotogrammetri av kryosfæren. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet SnowAI, finansiert av Akademiaavtalen ved Universitet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
SnowAI-prosjektet har som mål å bruke maskinlæring og radardata frå fjernmåling til å utvikle nye datasett med høg oppløysing for snødjupne i Vest-Noreg. Den aktuelle ph.d.- kandidaten vil arbeide innanfor prosjektet sine rammer, men har høve til å utforme sitt eige prosjekt knytt til konsekvensane av varierande snødekke i Vest-Noreg. Moglege tema inkluderer å kartlegge dei siste endringane i brear i Vest-Norge frå arkiv- og nylege flybildedatasett samt dronar (UAV), å modellere framtidig tilstand til kryosfæren ved hjelp av Bergen Snow Simulator (BESSI), eller ein kombinasjon av desse tema. Resultata skal brukast til å vurdere korleis eit varierande snødekke påverkar bretilbakegong, den hydrologiske syklusen, inkludert flaumhendingar, kraftproduksjon frå vasskraft og villreinstammar.
SnowAI-prosjektet inkluderer også bruk av lågkost-sensorar for å overvake snødekket sine eigenskapar i sanntid, samt innsamling av drone-, geofysiske og feltdata. Desse dataene skal nyttast til kalibrerings- og valideringsformål. Ph.d.-kandidaten kan delta i denne aktiviteten dersom ønskeleg, men det er også mogleg å gjennomføre ph.d.-graden som eit skrivebordsbasert studie. Kandidaten vil ha nytte av eit variert rettleiarteam ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Norges vassdrags- og energidirektorat og internasjonale samarbeidspartnarar i New Zealand, Østerrike, Tyskland og Canada. Det kan også bli aktuelt med eit forskingsopphald ved ein av desse partnarinstitusjonane.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, geografi eller geofag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring med middels til avanserte fjernmålingsdata og -metodar er eit krav, uansett kva delprosjekt ein vel.
- Søkjarar må vise at dei har tilstrekkelege tekniske ferdigheiter som trengst i det føreslåtte prosjektet, til dømes tidlegare erfaring med fotogrammetri, tidsserieanalyse eller kryosfærisk modellering.
- Søkjarar må ha gode ferdigheiter i programmering (f.eks. Python, R, JavaScript).
- Erfaring frå arbeid med snø eller kryosfæren (t.d. gjennom masterprosjekt eller praksis) er eit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side).
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Ei kort utgreiing om forskingsplan for doktorgradsprosjektet (maks 2 sider).
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- Relevante attestar.
- Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Benjamin Robson, Institutt for geovitenskap, benjamin.robson@uib.no, tlf. +47 55589282.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: 974799154 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Universitet og høyskole |
Sted | BERGEN (Adresse: Allégaten 41 Postnr: 5007) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-05-2025 |