Personleg assistent – Aurland kommune

Health and social care Social Services

(6 måneder ago)

  • AURLAND
  •  Post Date: 1. May 2024
  •  Expire date: 8. November 2024
Job Description

Published 01-05-2024
Deadline: Unknown

 

Personleg assistent

Om stillinga

Me har ledig 34 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen.  Han vekslar på å bu i eige husvære saman med familien, og i avlastningsbustad. Som brukarstyrt personleg assistent er du ein del av kvardagen til brukaren og familien hans. 

Stillinga er organisert under kommunalområde helse og omsorg, ved avdeling bu og miljø.   

Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Der meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Som brukarstyrt personleg assistent vil du få høve til å gjere ein stor skilnad i kvardagen for eit anna menneske. Kvardagen er variert og gjevande, med gode vilkår.  Du er ein av fire assistentar som går i tredelt turnus. Stillinga inneheld for tida ettermiddagsvakter i vekedagene, og arbeidshelg ein gang per månad med dag og kveldsvakt.

Arbeid og ansvarsområde

Brukaren treng hjelp til:

  • forklaring / formidling
  • transport 
  • daglege gjeremål
  • personleg stell 
  • trening
  • ernæring
  • helseoppfylging 

Me tilbyr

  • ei stilling som fint kan kombinerast med å studere
  • arbeid kvar 4. helg
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter etter tariff
  • ekstra laurdag og søndagstillegg  (+ kr 10 over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen

 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Kvalifikasjonar

  • erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det. 
  • fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing 
  • du vil få god opplæring, tett oppfylging og god rettleiing

Personlege eigenskapar 

  • evne til sjølvstendig arbeid
  • lojal til det faglege arbeidet
  • positiv og har godt humør
  • løysningsorientert 
  • samarbeidsvillig
  • lærevillig
  • bidra positivt til arbeidsmiljøet

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • førarkort klasse B
  • politiattest etter helse- og omsorgstenestlova 

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted AURLAND (Adresse: Skjerdalsvegen 31 Postnr: 5745)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/85bb3be5-de9b-4ab7-9724-5a4decd8e8db
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262563