Personleg assistent – Aurland kommune

Health and social care Hjemmehjelper og personlig assistent

(3 days ago)

  • AURLAND
  •  Post Date: 30. September 2024
  •  Expire date: 3. October 2024
Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: Unknown

 

Personleg assistent

Om stillinga

Me har ledig 25 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen frå snarast.

Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med ektefelle, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjel for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår. Arbeidsforholdet er lagt opp som turnusarbeid, og det kan vere moglegheit for tilpassing av vakter.  

Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljøteneste. 

Arbeid og ansvarsområde

Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren. Han treng også hjelp til: 

  • praktiske og daglege gjeremål 
  • trening
  • måltid
  • bruk, vask og vedlikehald av hjelpemidlar 
  • transport til ulike aktivitetar og helseoppfylgjing

Me tilbyr

  • løn etter tariff 
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff) 
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

 

Kvalifikasjonar

  • det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan helse, men det er ikkje eit krav
  • personlege eigenskapar vert vektlagt, og kan erstatte både fagbrev og erfaring. Du vil få god opplæring og rettleiing

Personlege eigenskapar

Me vil vektlegge desse personlege eigenskapane: 

  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar 
  • trygg på deg sjølv i rollen din, ansvarsfull og tolmodig 
  • engasjert, fleksibel, løysningsorientert og omsorgsfull 

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato
  • førarkort klasse B

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted AURLAND (Adresse: Skjerdalsvegen 31 Postnr: 5745)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/293d0b57-35d0-4af8-9ce9-ded2fe4de839
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268344