Personell syketransportbil – Ambulanse avdeling 3, AMK og pasientreiser

Construction Andre ingeniører

(3 days ago)

  • HAUGESUND
  •  Post Date: 1. January 2025
  •  Expire date: 13. January 2025
Job Description

Published 01-01-2025
Deadline: 13-01-2025

 

Personell syketransportbil

Pasientreiser har ansvaret for å organisere og koordinere transport med drosje, fly og helseekspress for pasientar. Vi er i dagleg kontakt med pasientar, helsepersonell og sjåførar gjennom sentralbordet vårt. Eininga tel 12 medarbeidarar og held til i Sjøhuset, Møllervegen 22 i Haugesund sentrum.

Vi skal no starte opp med sjuketransportbil i Helse Fonna. Denne skal køyre pasientar til og frå behandlingsstad, og vil brukast innanfor Helse Fonna sitt område. Her vil du arbeide tett saman med ein kollega, der de vekslar mellom å køyre og assistere pasienten bak i bilen. Arbeidsdagen er dynamisk og variert og gir deg høve til å møte pasientar med ulike behov.

Dette er eit prosjekt, og vi har derfor behov for to 100% prosjektstillingar i eitt år frå 15.03.25. Det kan bli moglegheiter for forlenging.
Det kan også bli aktuelt å arbeide delar av stillinga med reiseplanlegging. Konsulentane våre har ulike arbeidsoppgåver og det er behovet i eininga som til kvar tid avgjer kva arbeidsoppgåver ein blir sett til.

Arbeidsoppgåver

  • Personell på sjuketransportbil
  • Yte hjelp/omsorg/service
  • Forflytning av pasientar, t.d. frå stol til seng. 
  • Kommunikasjon med pasient pasientreisekontor, AMK, avdelinger og andre samarbeidspartnarar
  • Planlegge og koordinere reiser for pasientar
  • Informasjon og rettleiing av pasientar og rekvirentar via telefon og e-post

Kvalifikasjonar

  • Bestått 3-årig videregående skole
  • Helsefaglig autorisasjon er ønskelig og kan bli vektlagd
  • Førerkort klasse C1
  • Du har fysikk til å utføre løft og flytting av pasientar
  • Gode allmenne datakunnskaper
  • Gode norskkunnskaper, minimum norsktest på C1 nivå.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er kunde- og serviceorientert
  • er ansvarsfull, fleksibel, og god til å samarbeide
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • er systematisk og nøyaktig
  • er pliktoppfyllande og punktleg
  • set pasienten i sentrum, tilpassar deg, og er imøtekommande og løysingsorientert
  • er engasjert og bidreg til et godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Gode velferdsordningar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Svein Oddvar Moen, Avdelingsleiar, svein.oddvar.moen@helse-fonna.no
Marie Helen Hetland Kastrati, Funksjonsleiar, marie.helen.hetland.kastrati@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4899444142
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 29.03.2026
Søknadsfrist: 13.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ambulanse avdeling 3, AMK og pasientreiser orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside helse-fonna.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Videregående skole
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/006b4a0d-4e7a-4281-8063-40c3f1c954da
IMPORTAPI