Pedagogisk leiar – Vestly idrettsbarnehage, Time kommune

Education Førskolelærer

(15 hours ago)

  • LYE
  •  Post Date: 8. October 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 08-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Pedagogisk leiar

Vestly idrettsbarnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.2025

Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet.

Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.

Totalt er me 13 pedagogar i tillegg til sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar og me har eigen kokk som lagar 3 måltid kvar dag.

Barnehagen har, barnehageåret 2024–2025, 7 avdelingar med 118 barn.

Arbeidsoppgåver

Me ser etter ein pedagog som kan:
– Gje barna ein god og trygg start på livet 
– Følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga 
– Legga til rette for eit godt samarbeid blant kollega og med føresette 
– Ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering
– Bidra til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent barnehagelærerutdanning  
  • Du har godt humør, og er med på å skapa trivsel og humor i kvardagen
  • Du er løysingsorientert og målbevisst
  • Du er fagleg engasjert, aktiv, framtidsretta og nytenkande
  • Du kan arbeida godt både sjølvstendig og i team og er entusiastisk 
  • Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette 
  • Du har eit ønske om å vidareutvikla barnehagen 
  • Du har fokus på kosthald og rørsleglede
  • Du har gode norske språkferdigheiter
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.no

Arbeidsstad

Vestlyvegen 117
4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4866922644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestly idrettsbarnehage, Time kommune orgnr: 998713528
Kort om arbeidsgiver

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted LYE (Adresse: Vestlyvegen 117 Postnr: 4347)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a4f25aa4-223f-46c1-869b-c2282bc98f3e
IMPORTAPI