Pedagogisk leiar – Sørhellet barnehage, Klepp kommune

Education Barnehagelærer

(2 days ago)

  • KLEPPE
  •  Post Date: 16. March 2025
  •  Expire date: 1. April 2025
Job Description

Published 16-03-2025
Deadline: 01-04-2025

Pedagogisk leiar

Sørhellet barnehage er ein kommunal barnehage som ligger i Verdalen i Klepp kommune. Vi har 24 plassar til barn under 3 år og 48 plassar til barn over 3 år. Barnehagen er delt i fire avdelingar. Sørhellet barnehage er tilrettelagd for barn med spesielle behov og har universell utforming inne og ute.
Vi har eit godt og bredt fagmiljø og er opptatt av å vere i konstant utvikling. Barnehagen er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire i personalet med Marte Meo utdanning. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn.
Sørhellet barnehage er praksisbarnehage for Universitetet i Stavanger og VID.

Vi søkjer deg som er leiken, ser barna, er sjølvstendig, fagleg trygg og har god evne til samarbeid. 

Arbeidsoppgåver

– Leie og organisere det pedagogiske arbeidet målretta for kvart enkelt barn og barnegruppe i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplanen. 
– Ta initiativ til å vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, og sjå på ein heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.
– Sørgje for at barn får den utviklingsstøtta dei treng, og leggje til rette for å gje barna eit inkluderande og likeverdig tilbod.
– Pedagogiske leiar har ansvar saman med leiinga i barnehagen for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal jobba for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.

Kvalifikasjonar

– Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning. For søkjarar med relevant utdanning frå andre land enn Noreg er det krav om godkjenning for utdanning frå utdanningsdirektoratet (NOKUT).
– Søkjar må tilfredsstille krav som kjem fram i Barnehagelova kapittel VI- personal.
– Personlege eigenskapar blir vektlagt.
 
Dei som får tilbod om stilling må leggje fram politiattest, jf. Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månadar.

Personlege eigenskapar

– Du har interesse for og eit ønske om å arbeide med barn. 
– Du har forståing for barnas leik, og er aktiv saman med barn i leik ute og inne. 
– Du er engasjert, løysingsorientert og har stor arbeidskapasitet.
– Du er god til å arbeide sjølvstendig og i team. 
– Du har eit bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leiarteam.
– Du har evne til å motivere og rettleie dine kollegaer.
– Du har evne til å samarbeide med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
– Du har fokus på nærvær.

Vi tilbyr

Lønn etter gjeldene avtaleverk og pensjonsordninger i KLP. Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. 

Kontaktinformasjon

Ragnhild Herigstad Aase, styrar, +47 97089086

Arbeidsstad

Engrappstubben 1
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4939582216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sørhellet barnehage, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted KLEPPE (Adresse: Engrappstubben 1 Postnr: 4351)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd12474d-8ea9-49b0-9273-87cbe17fe778
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31