Pedagogisk leiar – Orstad naturbarnehage, Klepp kommune

Education Førskolelærer

(5 hours ago)

  • KLEPP STASJON
  •  Post Date: 4. October 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 04-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Pedagogisk leiar

Vi har ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 02.01.2025

Likar du å vere ute i naturen og ser på naturen som ein fantastisk plass å leike, lære og oppdage? Då er dette plassen for deg å vere. 

Du er leiken og opptatt av den gode relasjonen til barna, og vil jobbe for eit trygt og godt barnehagemiljø. 

Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Vi vil gje borna gode opplevingar gjennom leik og læring i naturen. 

Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på å være ein lærande organisasjon. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna. 

Oppfordrer 3.års studenter barnehagelærar å søkje.   

Arbeidsoppgåver

Du har hovudansvar for å leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht barnegruppa og enkeltbarn i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan 

Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam gjennom å aktivt samarbeide med styrar, pedagoger, øvrige ansatte og foresatte.   

Ta initiativ til å vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, og sjå ei heilskapeleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.   

Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal jobbe for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.   

Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.   

Kvalifikasjonar

Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)  
Søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal 

Godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse 

For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske

attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksom på at dokumentasjon på blant anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke

kan og gje uttelling på lønnsansiennitet.  

Personlege eigenskapar

Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste 

Du har blikk for barn sin leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute 

Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø 

Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta 

Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team 

Du har et bevisst forhold til til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam 

Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel 

Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv 

Du har evne til å motivere kollegaer  

Vi tilbyr

Spennande pedagogiske utfordringer 

Et godt arbeidsmiljø med stabilt personale. 

Eigen lønnstige for ped.leiar med relevant vidareutdanning 60 stp 

Fadderordning  

Klesgodtgjørelse erstattes av egen ordning for Innkjøp av arbeidskle

Tilbud om praktikerutdanning innen Marte Meo 

Lønn etter gjeldene avtaleverk og pensjonsordninger i KLP.   
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons og forsikringsordninger. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldene lover, regler og tariffavtaler.   

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar  

Kontaktinformasjon

Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317

Arbeidsstad

Skogvegen 16
4353 Klepp stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4866869105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Orstad naturbarnehage, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Skogvegen 16 Postnr: 4353)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3267a4cb-a2a0-4f4d-b443-9fe78acfa96f
IMPORTAPI