Job Description
Published 24-03-2025
Deadline: 07-04-2025
Pedagogisk leiar og barnehagelærer
Me i Folkestad barnehage søkjer etter engasjerte, fleksible og positive medarbeidarar. Me har fokus på gode kvardager for barn og tilsette.
Folkestad barnehage er ein 4 avdelings barnehage der 2 avdelingar er småbarnsavdelingar (0-2år), mellomavdeling (3-4år) og ei stor barn avdeling (4-5år). Barnehagen er omgitt av flott natur, der me har skog og fin leikeplass inngjerda i barnehagen og fine turområder utanfor gjerdet med gapahuk i Folkestad skogen.
Barnehagen jobbar med Tryggehetssirkelen (COS-P). Dette er ei satsing gjennom Regional kompetanseheving, der USN er faginnstansen. Satsingsområdet er leik.
Ynskjer du å vera ein del av vårt gode arbeidsmiljø og bidra til vidare utvikling av barnehagen, ynskjer me å høyre frå deg.
På grunn av interne prosessar, kan det bli endringar i tilsettingsbehovet for dei utlyste stillingane.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver pedagogisk leiar:
- Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdeling i tråd med gjeldane barnehagelov og rammeplan for barnehagen.
- Delta i leik og aktivitetar med barn samt praktiske gjeremål på avdelinga
- Ansvar for å følge opp, og sette mål som frammer barns utvikling
- Ansvar for eit godt foreldresamarbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom å vere positiv, tydelig og raus
- Du må vere modig på barns vegne, så dei føler seg sett, hørt og anerkjent
- Skape eit godt leike- og læringsmiljø for barna
- Holde deg faglig oppdatert
- Vere ein god rollemodell for dine kolleger og barna
Arbeidsoppgåver barnehagelærar:
- Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdeling i tråd med gjeldane barnehagelov og rammeplan for barnehagen, i samarbeid med pedagogisk leiar
- Ansvar for å følge opp, og sette mål som frammer barns utvikling, iht delegert arbeid
- Delta i leik og aktivitetar med barn samt praktiske gjeremål på avdelinga
- Ansvar for eit godt foreldresamarbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom å vere positiv, tydelig og raus
- Du må vere modig på barns vegne, så dei føler seg sett, hørt og anerkjent
- Skape eit godt leike- og læringsmiljø for barna
- Holde deg faglig oppdatert
- Vere ein god rollemodell for dine kolleger og barna
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærerutdanning
- Ved mangel på kvalifisera søkjarar vil andre med relevant utdanning bli vurdert
- Gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og muntleg
Ønska kompetanse
- Erfaring fra barnehage
- Gode digitale ferdigheter
- Evt. anna relevant kompetanse
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Barnehageloven § 30, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Evne til inntonig i samspel med barn og vaksne.
- Du er god til å etablere nær tilknytning og trygg relasjon med kvart enkelt barn
- Du er varm og sensitiv voksen og likar å vere i leik og aktivitet uansett vær
- Du er faglig sterk og reflektert rundt eigen praksis
- Brenner for utvikling i barnehagen
- Positiv og fleksibel
- Handlekraftig og løysingsorientert
- Evne til å reflektere kritisk over eigen praksis, og eit ønske om faglig utvikling
- Du må vere nysgjerrig og like utfordringar.
- Aktiv og positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til å mestre ein hektisk kvardag.
Vi legg stor vekt på at søkjarane er personleg eigna.
Vi tilbyr
- Utviklingsorientera barnehage med dyktige ansatte.
- Fokus på helsefremmande arbeidsmiljø og skape trivsel på arbeidsplassen.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Tone Forberg, Styrar, +47 95871091
Arbeidsstad
Hellåsen 2
3804 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 4916630095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 07.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Folkestad barnehage orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet. |
Webside | https://midt-telemark.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | BØ I TELEMARK (Adresse: Hellåsen 2 Postnr: 3804) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 11-08-2025 |
Søknadsfrist | 07-04-2025 |