Job Description
Published 05-01-2025
Deadline: 21-01-2025
Pedagogisk leiar
Storevatn barnehage vil ha 2 ledige stillingar som pedagogisk leiar våren 2025
- Februar 2025; vikariat 100%
- Juli 2025: Fast stilling 100%, med mulighet for tidlegare start
Storevatn barnehage ligg i Florø sentrum og er ein 5 avdelings barnehage for barn i aldersgruppa 1-5 år. Barnehagen har 2 pedagog-ordning og tilsette med god utdanning, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid og plantid til beste for barn si utvikling og læring. Våren 2025 vil barnehagen ha 71 barn og 18 tilsette.
Barnehagen sin visjon er tryggheit, trivsel og tillit. Dette er grunnlaget for barnehagen sitt arbeid med utvikling, leik og læring i eit inkluderande felleskap. Dei siste åra har vi hatt fokus på Leik og læringsmiljø i barnehagen i tett samarbeid med Høgskulen på vestlandet. Dette samarbeidet og arbeidet vil fortsette i åra framover.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge og aktivt delta i leik og aktivitetar saman med barna
- Å halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med kollegaer
- Å medverke til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Å initiere og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid
- Legge til rette for trygghet, trivsel og tillit blant barn, føresette og medarbeidarar
- Følge opp nasjonale og lokale føringar innanfor oppvekstfaget
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning (I utdanningsløp med avsluttande utdanning i 2024 kan vere aktuell)
- Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Er raus, positiv og løysingsorientert
- Er involvert og ser verdien av ny og gammal kunnskap
- Er reflektert over di rolle som leiar
- Har eit stort engasjement for barnehagefaget
- Er engasjert og involvert i barna sin leik og aktiviteter
- Har grunnleggande tru og fokus på relasjonsutvikling
- Bevisst på å vere ein god rollemodell for barn og tilsette
- Er trygg i rolla og bevisst på gode relasjoner og rettleiing
- Evne å bidra inn i eit fagleg fellesskap ved å vise fagleg styrke og interesse for å lære meir
- Gode IKT kunnskaper
- Det blir lagt stor vekt på at ein er personleg skikka til jobben
Vi tilbyr
Vi har godt tverrfagleg samarbeid, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta mellom anna med kompetanseutvikling.
- Lønn etter tariff
- Kompetanselønn
- Pensjon og forsikring i KLP
Kontaktinformasjon
Nina Anette Steindal, Tenesteleiar Storevatnet Barnehage, +47 99635363
Arbeidsstad
Em Holevegen 22
6906 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4902737962
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 10.02.2025
Sluttdato: 28.02.2026
Søknadsfrist: 21.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Barnehage, Kinn kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vår visjon: |
Webside | http://www.kinn.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | FLORØ (Adresse: Em Holevegen 22 Postnr: 6906) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 21-01-2025 |