Job Description

Published 22-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Overlege ved Klinisk forskingspost for vaksne

Vi har ledig ein 50% fast stilling som overlege ved Klinisk forskingspost for vaksne som kan kombinerast med stilling i ordinær klinisk eining.

Forskingsposten er organisert i Forskings- og utviklingsavdelinga, og har lokaler i Sentralblokka på haukelandsområdet. Posten har i dag fire studiesjukepleiarar og ein helsesekretær i faste fulle stillingar, i tillegg til erfaren overlege i 20% fast stilling. Den utlyste overlegestillinga kan eventuelt delast i to mindre stillingar.
 
Ved forskingsposten prøver vi ut ny diagnostikk og behandling i eit trygt miljø for pasientar, helsepersonell og forskarar. Forskingsposten gir fagleg og praktisk støtte for alle kliniske einingar i sjukehuset.
 
Forskingsposten gjennomfører kliniske behandlingsstudiar både for eksterne oppdragsgjevarar, og for sjukehuset. Posten er særleg eigna for tidlegfasestudiar innan diagnostikk og legemiddelbehandling, der det er strenge krav til praktisk gjennomføring og dokumentasjon.
 
Det er tett samhandling mellom forskingsposten, dei kliniske einingane i sjukehuset og med  andre sjukehus. Vi samarbeider og godt med Universitetet i Bergen og andre utdanningsinstitusjonar.
 
Kliniske behandlingsstudiar er eit satsingsområde for Haukeland universitetssjukehus, og forskingsposten inngår som ein viktig infrastruktur for kliniske behandlingsstudiar.
 
Det er behov for fleire legar som kan ta ansvar som hovudutprøvar (Principal Investigator) for kliniske behandlingsstudiar. Vi søker erfarne legespesialistar som vil arbeide med kliniske behandlingsstudiar ved Klinisk forskingspost for vaksne i kombinasjon med arbeid ved ei ordinær klinisk eining.
 
I stillinga rapporterer du til avdelingssjef for Forsking og innovasjon. Avdelinga har ca. 65 høgt kvalifiserte medarbeidarar med ulik fagbakgrunn innan forskings- og innovasjonsstøtte, og har oppgåver for Haukeland universitetssjukehus og Helse Vest. 

Arbeidsoppgåver

  • Ta hand om førespurnadar om, validering av, og fasilitering av nye studiar
  • Vere hovudutprøvar for kliniske behandlingsstudiar i posten
  • Gje råd og rettleiing til legar og forskarar ved kliniske einingar i sjukehuset i samband med planlegging og gjennomføring av kliniske behandlingsstudiar
  • Følgje opp studiane slik at dei vert gjennomførte og rapporterte frå iht. studieprotokollen, standard operasjonsprosedyrar (SOP), og gjeldande retningsliner for god utprøvingspraksis (GCP)
  • Bidra til god informasjonsflyt og samarbeid mellom aktørane
  • Vere medisinsk rådgjevar for posten ved behov
  • Bidra til kompetanseheving/undervisning av studiepersonell og forskingsstøttepersonell
  • Delta i relevante forskingsstøttenettverk
  • Andre oppgåver som ligger til Forsking og innovasjon, til dømes bidra i forbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Godkjenning som legespesialist i relevant spesialitet i Noreg 
  • Erfaring frå klinisk arbeid og klinisk forsking i sjukehus 
  • Påbegynt doktorgrad er nødvendig, fullført er ønskeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Engasjert, strukturert og sjølvstendig 
  • Gode samarbeidsevner, omgjengeleg og god til å kommunisere 
  • Fleksibel og med god gjennomføringsevne 

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø 
  • Fleksibel arbeidstid, slik at jobben kan bli tilpassa arbeid i ordinær klinisk eining 
  • Løn etter avtale 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Vibeke Vold, Avdelingssjef, 90013289, vibeke.vold@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 68
5053 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4899346305
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Forskings- og utviklingsavdelinga, Forsking og innovasjon, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside https://www.helse-bergen.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Jonas Lies vei 68 Postnr: 5053)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a5a9362f-874d-44df-8322-477760af303b
IMPORTAPI