Overlege søkes til TSB-Poliklinikk, Haugaland DPS – TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Health and social care Doctor(2 days ago)
Job Description
Published 05-01-2025
Deadline: 01-06-2025
Overlege søkes til TSB-Poliklinikk, Haugaland DPS
Klinikk for psykisk helsevern og rus søkjer etter overlege psykiater/spesialist i rus og avhengigheitsmedisin til TSB-poliklinikk
Vi ynskjer deg som har eit brennande engasjement for faget, og du vil få ei viktig rolle i oppbygning og vidareutviklinga av TSB-tenestene våre. Målet er å gje pasientane eit meir heilskapleg behandlingstilbod, samt bidra til å utdanne fleire spesialistar i Rus- og avhengigheitsmedisin.
Vi har ei spennande tid framfør oss kor vi vidareutviklar behandlingtilbod både i poliklinikkar og i døgnbehandling og vi ynskjer deg med på laget.
For legar med interesse for fagfeltet og som ynskjer spesialisering er klinikken godkjent utdanningsvirksomhet i rus- og avhengighetsmedisin og vi kan tilby heile utdanningsløpet i Helse Fonna. TSB er eit felt det satses på og, vi legg til rette for gode betingelsar med løn og kursing.
TSB-poliklinikk har lokasjonar tilknytta Haugesund sjukehus og Kopervik. Det er mogleg å velje hovudlokasjon, men det må påbereknas noko arbeid på tvers av lokasjonane.
Intervjuer vert gennomførd fortløpande i utlysningstida. Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostikk og behandling
- Samarbeid rundt pasientar
- Deltakelse i vakt
- Bidra i fagutviklingsarbeid både internt og mellom avdelingane i Helse Fonna
- Rettleiing og undervisning både internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Godkjent spesialist i Rus- og avhengighetsmedisin
- Spesialist i allmennmedisin
- Spesialist i psykiatri
- LIS 3
- Ønskeleg med både erfaring fra både post og poliklinikk
- Må beherske godt norsk skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av faget og det beste for pasientane
- Du er god på samarbeid
- God på formidling av kunnskap internt og eksternt
- Arbeidar strukturert og sjølvstendig
- Kreativ, nytenkjande og pragmatisk
Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Vi legg til rette for kurs og vidareutdanning
- Mulighet for deltagelse i prosjekt, kvalitetsutvikling og forskning
- Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
- For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Daniel H. Reiersen , Funksjonsleder , daniel.heradstveit.reiersen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4902826973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-06-2025 |