Job Description

Published 02-01-2025
Deadline: 17-01-2025

 

Overlege

Intensivmedisinsk seksjon har nå ledige stillingar som overlege. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 11 senger. Seksjonen behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spanande miljø. Intensivmedisinsk seksjon dekker intensivmedisinsk behandling ved Brannskadeavdelinga (BSA) som har nasjonal funksjon, og har også tilsyn på andre eininger samt deltaking i traumeteam og hyperbar oksygenbehandling. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt ved Intensivmedisinsk seksjon er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. 

Det er 13 intensivlegar og nærare 100 tilsette intensivsjukepleiarar tilsette ved seksjonen.

Tiltredelse etter avtale, så snart som mogleg. Ved eventuelt internt opprykk vil det bli ledig vikariat i 9 månader med mogleg forlenging som overlege. Vi oppfordrar difor alle som er interessert i et vikariat også til å søke.  

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet ved seksjonen etter behov
  • Deltaking i til ein kvar tid gjeldande vaktordning – for tida 11 delt bakvakt
  • Det vil bli gitt opplæring før vaktteneste, og eininga har ordning med tertiærvakt i ein periode etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Brei klinisk erfaring
  • Inneha relevant spesialitet 
  • God IKT kunnskap 
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på 
  • interesse for og kompetanse for forsking kan vektleggast
  • Gode norsk kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for intensivmedisin
  • Det blir lagt vekt på gode evner til samarbeid med ulike faggrupper i tillegg til stor arbeidskapasitet 
  • Du har god organisasjonsforståing, er tilpassingsdyktig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er motivert og positivt innstilt til jobben
  • Du er strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel og har gode kommunikasjonsevner
  • Du likar å jobbe i eit tverrfagleg team med høg fagleg standard

Vi tilbyr

  • Et spennande og stimulerande arbeidsmiljø ved ein aktiv seksjon, med sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking.
  • Lønn etter gjeldande avtaler
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Siril Iren Sagstad, Seksjonsleiar, 55972443, siril.iren.sagstad@helse-bergen.no
Stig Gjerde, Seksjonsoverlege, 55976359, stig.gjerde@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4898450349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk serviceklinikk/ Intensiv- og postoperativ avdeling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ab502bc7-dc6a-4e48-aecf-203accc3122a
IMPORTAPI