Overlege i urologi – Kirurgisk klinikk/ Avdeling for urologi, Helse Bergen
Health and social care Doctor(1 week ago)
Job Description
Published 24-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Overlege i urologi
Ledig 3 faste stillingar som overlege (spesialist i Urologi) ved Avdeling for Urologi.
Aktiviteten i avdelinga dekker dei fleste områda innan utgreiing og behandling av urologiske sjukdommar. Vi har både lokal- og regionsjukehusoppgåver i Helse Vest.
Avdeling for urologi er ein del av Kirurgisk klinikk. Avdeling for Urologi deler sengepost (26 senger) med avdeling for bryst- og endokrinkirurgi. Vi behandlar ca. 3300 inneliggande pasientar og har ca. 17000 polikliniske konsultasjonar kvart år. Avdelinga har eigen SWL-eining og eige urodynamisk laboratorium. Avdelinga har 12 overlegestillingar og pt 8 LIS stillingar for spesialisering i urologi. Avdelinga har eit nært samarbeid med radiologisk avdeling, avdeling for Patologi og kreftavdelinga.
Behandling og forsking innan urologiske kreft- og steinsjukdommar er prioriterte oppgåver ved avdelinga Det blir òg lagt vekt på å vidareutvikle kompetansen innan nevrourologi.
For sjukdommar i øvre urinvegar (steinsjukdommar, nyresvulstar osv) har avdelinga utstyr og kompetanse for alle typer moderne behandling. I nedre urinvegar blir det kvart år utført ca. 250-300 robotassisterte radikale prostatektomiar (RALP), og 70-80 radikale cystektomiar med urindeviasjon.
Den som blir tilsett må rekne med å bli tillagt ansvar for ein del av den verksemda som vedkommande går inn i. Det vi ser spesielt etter til desse stillingane er kompetanse innan avansert endoskopi i dei øvre urinvegar, diagnostikk og behandling av prostata- og blærekreft. Vedkommande bør meistre moderne utgreiing, behandling og oppfølging av sjukdommar innan dette feltet.
Avdelinga er forskingsaktiv og vi ser etter ein person for interesse for å løfte vår kliniske forsking vidare. PH.D. grad og stor publiseringserfaring er ønskeleg, da avdelinga ønsker å styrke vår forskingsstøtte for yngre kollegaer. På same måte som dei øvrige overlegane, må den som blir tilsett delta i utgreiing og behandling av pasientar med meir generelle urologiske problemstillingar (inkludert urodynamisk utgreiing).
Den som blir tilsett må sette pris på å jobbe i ei avdeling med høgt tempo og stor aktivitet. Vidare venter ein at den som blir tilsett er villig til å gå inn i dei prosjekta som finnst i avdelinga og som inneber forsking og kvalitetssikring.
Kvalifikasjoner
- Spesialist i urologi
- Må ha erfaring innan avansert endoskopi i dei øvre urinvegar, moderne diagnostikk og behandling av prostata- og blærekreft, helst dokumentert med eiga forsking
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- PhD og/eller annan erfaring frå publisering er ønskeleg
- Kunnskapar i bruk av statistiske forskingsverktøy
- Norsk autorisasjon
Personlige egenskaper
- Strukturert
- Selvstendig
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig
- Like varierte utfordringar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Christian Beisland, Avdelingssjef, 47301005
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4849320362
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk klinikk/ Avdeling for urologi, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Helse Vest RHF (regionalt helseforetak) har det overordnede ansvaret for spesialisthelsetjenesten i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eier fem helseforetak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, samt aksjeselskapet Helse Vest IKT AS. Helseforetakene har ca 23 000 medarbeidere. Spesialisthelsetjenesten i regionen omfattar 45 sykehus og institusjoner, og skal gi helsetjenester til rundt 970 000 innbyggere. Driftsbudsjettet er på vel 15,5 milliarder kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |