Overlege/erfaren LIS til kombistilling ved Kreftavdelinga og Kvinneklinikken – Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Health and social care Doctor(2 weeks ago)
Job Description
Published 14-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Overlege/erfaren LIS til kombistilling ved Kreftavdelinga og Kvinneklinikken
Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (frå 01.01.25 Kreftklinikken) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå, innan medikamentell kreftbehandling, kreftgenomikk, kreft immunologi, medisinsk fysikk og strålebehandling m.v.
Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling. Vi er 29 LIS-legar og 46 overlegar.
Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus har ansvar for Gynekologisk kreftbehandling i regionen. Det er naturleg å trekke frem det aktive forskingsmiljøet innan gynekologisk kreft, med store moglegheiter for aktiv deltaking. Klinikken har fire avdelingar: fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4400 fødslar og 3000 operative inngrep.
Som del av vår satsing på gynekologisk kreft ønsker vi å rekruttere to onkologar. Stillingane blir plassert ved Kreftavdelinga. Halve arbeidstida vil vere ved kreftseksjonen på Kvinneklinikken medan den andre halvdelen vil vere på Kreftavdelinga.
På Kvinneklinikken vil du jobbe i team med dei øvrige legane tilknytt gynekologisk kreft og bidra til fagutvikling og undervisning. I tillegg vil arbeidsoppgåvene bestå i deltaking på faglege fellesmøte, som MDT, bidra ved visittgang til kreftpasientar ved sengeposten samt i poliklinikk for medikamentell kreftbehandling. Du vil få anledning til å delta i pågåande kliniske kreftstudiar. Vi ønsker at du som onkolog skal få moglegheit til å opparbeide innsikt i og forståing også for den kirurgiske delen av faget og vil legge til rette for dette. Stillinga vil ikkje inngå i Kvinneklinikkens øvrige vaktarbeid.
På kreftavdelinga vil du arbeidde i store tverrfaglege team i lag med gode kollegaer med brei erfaring innan all onkologisk behandling. Ein vil legge til rette for at søkarar som ikkje er ferdig med spesialiseringa si innan onkologi får anledning til å fullføre denne. Vi har 6 strålemaskinar inkludert ei maskin dedikert til online adaptiv behandling (Varian Ethos), som blei starta opp i 2021 og er den første av denne typen maskin i Noreg. Avdelinga tilbyr og brakyterapi for gynekologisk kreft og i lunge. I 2025 vil avdelinga opne behandlingstilbod av protonterapi og blir del av ei fleirregional behandlingsteneste saman med Oslo Universitetssjukehus.
Dei to samarbeidande klinikkane kan tilby ein fagleg spennande og meiningsfull arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling og forsking. Yngre kollegaer vil få god støtte og rettleiing. Begge klinikkane er knytt til svært sterke forskingsmiljø som ønsker seg aktiv deltaking frå klinikarar. Vi har eit hyggeleg kollegium som ønsker nye legar svært velkomne!
Vi har no ledig to faste 100% overlegestillingar/erfaren LIS. Tiltreding så snart du er ledig, eller etter nærare avtale. Det blir lagt vekt på relevant erfaring. Både erfarne LIS og ferdige spesialistar i onkologi blir oppmoda til å søke.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjend spesialitet i onkologi eller kort tid til spesialitet
- Det blir lagt vekt på vitskapeleg kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibilitet og tilpassingsevne i eit fleirfagleg miljø
- Evne til å handtere komplekse situasjonar og ta gode avgjerder under press
- Engasjement for fagleg utvikling og innovasjon
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Avdelingane byr på store faglege utfordringar og spennande forskingsprosjekt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åsa Karlsdottir, Seksjonsleiar lege, 99037860
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4885531017
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |