Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 10-12-2024

 

Overlegar i rettsmedisin/patologi

Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gjer eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi og nevropatologi. Ein gjer molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Seksjon for kreftgenomikk. Avdelinga har 12 LIS-stillingar og 30 overlegeårsverk. Frå januar 2025 ligg dei rettsmedisinske tenestene i Bergen under denne avdelinga. I samband med det, søker vi etter overleger i rettsmedisin/patologi, som vil vere med å bygge opp rettsmedisintenestene ved Haukeland universitetssjukehus.  

Vi har no ledig to faste stillingar som overlege i rettsmedisin ved avdelinga og ønsker å tilsette frå 01.01.2025. Det vil vere mogleg å arbeide 100% i rettsmedisin eller delt mellom rettsmedisin og diagnostisk patologi (til dømes 50/50 eller annen delingsbrøk). Dersom del av stillinga arbeidast innan diagnostisk patologi, vil tilsette bli knytt til faggrupper i høve til eigen kompetanse og avdelinga sitt behov.

Fagområdet rettsmedisin er nytt i Avdeling for patologi. Avdelinga ønsker å styrke tenestene med fleire overleger og LIS, og å bygge opp tenstene for å sikre regionen eit fullgodt tilbud innan rettsmedisin. Det vil bli lagt til rette for kompetanseheving innan feltet. Ein tilstreber å få til hospitering ved andre avdelingar og institusjonar. Som overlege ved vår avdeling oppfordrast det til å arbeide med fagutvikling og forsking. Avdelinga har har gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid og vi har eit tett samarbeid med Universitetet i Bergen/Seksjon for patologi. Fleire patologar har arbeidsplass ved både sjukehuset og universitetet. 

For avdelinga og fagområdet rettsmedisin ventar spennande utfordringar framover. Vi ønsker nye overlegekollegaer velkommen for å gå desse i møte. Vi kan tilby gode arbeidsforhold. Ved vurdering av søkarane blir det lagt vekt på relevant erfaring, også frå forsking, og elles engasjement for fagutvikling. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar vektleggjast. Arbeidstid  er måndag – fredag 08.00 – 16.00. I tillegg kan ein delta i UTA-avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det rettsmedisinske arbeidet ved avdelinga (obduksjonar, levande-undersøkingar, og anna)
  • Delta i tverrfaglege møter
  • Delta i utdanning av legar i spesialisering/ internundervisning
  • Fagutviklings- og kvalitetsarbeid
  • Bidra inn mot studiar
  • Sakkunnig arbeid i rettsvesenet må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege i Noreg
  • Spesialist i patologi (dersom det er ønskes delt stilling mellom rettsmedisin og diagnostisk patologi) 
  • Dokumentert forskingserfaring vil bli lagt vekt på
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Resultat av godkjend tuberkulinprøve, ikkje eldre enn tre månader, må leggast fram ved tilsetting
  • Hepatittvaksine er eit krav

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerder
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr deg

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Wik, Avdelingssjef, 55973175

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4889163142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 10.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi – Gades institutt, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 10-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/82e5dd1d-8c5b-4221-b762-b06c2d0d9a37
IMPORTAPI